tirsdag 13. juli 2010

Sommer på Svebakken

Eg er heime. Eg har gjenopplevd somrane frå før i tida, hengande i ein stige med ein malerkost i handa. Når ein veks opp på gard så er det alltid eit hus som skal målast om sommaren. Ein ver-vegg. Men denne gongen var det ikkje far min som var arbeidsleiar. Det måtte vi vere sjølve. Så då sa vi orda han brukte å seie. Og gamlehusveggen vart finmåla med raud Odel. (Og eg vart solbrend og raud på ryggjen. )Og etter arbeidsøkta gjorde eg det same som eg gjorde før i tida, eg reiste inn i Ottafjøra og bada. Iskald, men reint og deileg. No regnar det, og det skal det visst gjere i mange dagar. Det er synd for vi har igrunn ein vegg til å måle. Men vi har nok å gjere. Det er mykje papir som skal gåast gjennom. Og dessuten er det folk å snakke med. Tanter og onklar, og slektfolk og vener. Kaker som må etast. Prat som må pratast. Eg og ungane hadde ein kosetur oppover, vi stoppa på Indreeide hos Belina, og var hos Siv og John over natta. Og fredag vart det middag i den italienske storfamilien. Som betyr meg og mine, Judith Kåre og Emily, og Siv, John, Jacob og Henrik. I tillegg kom bror min med svigerinne og dei to tanteungane. Så då var det berre å kose seg. John henta fram engelskmannen i seg og lagde fish'n chips frå grunnen av. Stor suksess. Når vi i tillegg rakk innom Lillian og lisjetausa så var eg veldig nøgd med mengda venskap pressa inn på to dagar. I dag har vi vore i byen for å kjøpe skulesekk til skulestart-dottera. No er det ferjetur på veg ut igjen. I morgon kjem fetter Reisande Mac (Reidar) heim frå Kamerun, så med litt flaks får vi sett han og før vi reiser nedatt. Men først av alt er det altså papir det handlar om. Og på søndag flytta vi stolen. Det skriv eg mest til meg sjølv, for at eg skal hugse det. Det var mor mi som flytta den, også gråt vi litt etterpå. Slik er livet på Fjørtofta denne sommaren. Neste veke blir det Sørlandet. Og eventuelle tjuvar kan berre slå frå seg å bryte seg inn, Anders er heime og passar katt og kaffemaskin God sommar.

Ingen kommentarer: