mandag 26. juli 2010

så blå - som en blå klisje

I det klokka akkurat bikkar tolv startar eg på den siste ferieveka mi denne sommaren.
Eg og ungane kom heim frå vidunderlege Sjøstrand-dagar i ettermiddag. Ei veke med oppladning. Med boklesing, soling, gode klemmar frå små menneske, nydeleg mat, gode vener, og havet. Havet om morgonen, når ein hutrar seg gjennom eit morgenbad, berre fordi ein kan. Havet om ettermiddagen når ein ligg på magen på berget i sola og les vakre bøker som startar prosessar i hovudet. Havet i det magiske pastell-lyset av sola som går ned. Det som gjer at alle automatisk samlast ute, med kaffikoppar og pledd, men samtidig får oss alle til å snakke lavmelt eller vere stille. Som om vi var i eit gudshus. Havet som klukkar når eg ligg for meg sjølv på brygga, borna er lagt, og den uendelege himmelen over meg er kveldsblå. (Og eg tenker på kor rart det er at vi alltid har eit uendeleg tomrom over oss, men ikkje eigentleg tenker over den uendelege dimensjonen som er der oppe. At det kanskje speglar livet litt. Vi vil forholde oss til dei konkrete tinga, det vi kan nå. Det vi vandrar rundt i, det vi lett kan gripe tak i. Men dei store spørsmåla som alltid er der, vil vi ikkje snakke om. Sjølv om det berre er å løfte blikket for å sjå kor liten du eigentleg er. For å sjå den uforklarlege, uendelege dimensjonen. Det som er der, men som du ikkje kan gjere noko anna med enn å puste inn og ut nokre gongar og kjenne kor merkeleg verda er)
Og havet når eg er på veg på badet for kvelden, men fullmånen som speglar seg i havet som eit Munch-måleri gjer at eg utan å merke det endrar retning og vandrar gjennom doggvått gras og over steinheller som framleis har solvarmen i seg. Berre for å sjå litt til. Det er slik sommaren skal vere. Trur eg. Som ein blå klisje.

Ingen kommentarer: