tirsdag 10. august 2010

Gipsa hjarte?

Ein surrealistisk tanke som slo meg ein dag:
Tenk om det hadde vore slik her i verda at det som var inne i menneska syntest på utsida. At dine indre plager og gleder rett og slett fekk seg fysiske utslag. Nesten som når eit menneske i møte med ei stor sorg får kvitt hår over natta (visstnok) At ein halta når ein hadde kjærleikssorg, fekk lumbago av eksamensnerver, mista hørselen av sorg, faktisk vart grøn av sjalusi, eller at angst var ein lidelse som gjorde at du måtte gipse armar eller bein. Kva konsekvensar hadde det fått. Hadde det vore ein bra ting som gjorde at vi i større grad såg og brydde oss når andre sleit med noko. Ville den fysike påminninga gjort at vi i større grad hugsa å spørre korleis folk hadde det. Fordi det vart synleg, ikkje lengre var noko som ikkje syntest utanpå. Eller hadde det ført til stigmatisering av andre sjukdommar. "Ho seier at ho datt på sykkel, men det er nok helst nervane no igjen tenkjer eg.."
Det hadde gitt fascinerande lite mogelegheit til å skrøne. "Jaha, om du er så ajour med eksamenslesinga, kvifor har du så vondt i ryggen då?". Eg ser for meg flokkane av krokrygga studentar som siktar mot lesesalane i mai. Meir og meir lutrygga for kvar dag som går, og så når eksamen er over, kjem dei sprettande ut av dørene av eksamenslokala. Rettrygga og lette på foten.
Og kva med dei knuste hjarta. Tenk deg han som berre blir sitjande. Som ikkje kan røyse seg og gå fordi haltinga vil vise for heile verda at det smilande ansiktet, då ho han ville ha presenterte den nye kjærasten sin, berre er løgn og bedrag. Samtidig som vedkommande sakte men sikkert får eit grønleg skjer over andletet. Ville det vere råd å gjere ein verdig sorti om du er grøn og haltar? Ville det kanskje føre til at ein i større grad var open om hemmelege inste kjensler? Kva slags nye språklege bilete ville ein få av slike kroppslege reaksjonar.
Når eit knust hjarte ikkje berre vil få deg til å kjenne deg som ein krøpling, men faktisk vil gjere deg til ein krøpling og. Ville vi då sikte mot det kyniske, for å sleppe å skade oss sjølve. Ville kjærleik blitt sett på som ein risikosport på lik linje med å hoppe i Trollveggen. Noko for dei største risikotakarane. Ville menneske kome på Skavlan for å fortelje om korleis dei satsa alt på kjerleiken og kom frå det utan skader? Og framfor fjernsynsskjermane sat vi andre og rysta skremt på hovudet av slikt dumdristig vågemot. Diskusjonane ville rast på framsidene. Er det rett å sette eiga lykke framfor kostnadane ein påfører samfunnet?
Men korleis skulle ein leve mest mogeleg risikofritt? Ville lykkepillen bli utskriven for å sikre oss frå å ede opp som eit samfunn av krøplingar. Kanskje ville ikkje helsevesenet ha råd til anna enn å halde oss i ein slags halvlukkeleg døs. Ikkje i nærkontakt med livet, men i alle fall skadefri.
Surrealistisk i dag altså. Men tenk om.

Ingen kommentarer: