søndag 15. august 2010

And I don't even have my own car

Den siste veka har mor mi vore på besøk. Kjempetrivelig. Ungane får mat og det blir kokt saft og gode greier. (OK så får dei mat ellers også då... og eg kokar faktisk saft kvart år) Og fordi alle vi tre som er kongelig interessert i familien (dvs mor mi, meg og Alvilde. Interessa er faktisk omvendt proposjonal med alder) hadde lyst til å få omvisning på slottet, så sikta vi oss på fredag innover mot byen på kongeleg omvisning. Ungane somla litt og det plaskregna, så då passa det best med bil. Trudde vi. Det skulle vi ikkje gjort. For då vi kom til trafikkmaskina var det plutselig ein bobil som innsåg at den låg i feil fil (var på veg til OsloS, men skulle opp på Bispelokket) og valgte å skifte fil likevel. Dvs at han svinga inn framfor meg etter at vegen hadde delt seg. Eg hadde god avstand og stoppa. Men eg rakk berre å stå stille eit sekund eller så, før ein trailer ikkje greidde å stoppe og køyrde inn i meg bakfrå.
Heldigvis gjekk det bra med alle. Born og mormor var uskadde. Eg er uskadd trur eg, sjølv om eg kjenner det litt i eine sida av nakken. Men doktoren meiner det vil gå over av seg sjølv. Bilen står det ikkje så bra til med :-( Bilverkstaden meinte at det var lite sannsynleg at eg kom til å sjå den att. Jaja. Det er vel ikkje så mykje å gjere med anna enn å kike etter ein ny bil. etterkvart.

1 kommentar:

Siri Fjørtoft, kaBoks sa...

Ojojoj! Ej e gla før å høyre at ingen ta dåkka vart skada! De må ha vør utrula skummelt!