tirsdag 17. august 2010

Notatar frå dagen i dag

Då har ein ny epoke starta. Femåringen er levert på SFO og frå i morgon av er ho pr def skulejente. Det var superskummelt før ho kom inn porten, men då ho oppdaga at ein heil flokk av venane hennar var der så var alt greit. ungen var over alle dumphusker før eg fekk snudd meg.

Må notere eit par gullkorn frå dei siste dagane så eg ikkje gløymer dei.
Den første kom frå niåringen då faren hevda at han hadde gjort noko sidan han var ein neve stor.
"det er bare tull, hadde du vært en neve stor da, så hadde du maks vært en meter nå"
Den andre kom dottera med då ho fann veldig store erter inne i sukkerert-belgen ho skulle ete: "se mamma SÅ store erter, som skal spises av et SÅ lite barn"

Dette er igrunn ein bloggpost som er meir som ei utvida statusmelding å rekne. Ein huskelapp for meg sjøl. Hopp over eller ber over med.

I går kom det takst på bilen. Det viser seg at det kostar 76000 kroner når ein Renault Scenic blir litt påkøyrd av ein trailer. Det vil seie leigebil og ny bil. jaja. Eg er forresten støl i nakken. Ikkje mykje men litt.

Ingen kommentarer: