lørdag 25. september 2010

akkurat no

Endeleg helg igjen. Sist helg jobba eg, jobben min hadde landsmøte i Kristiansand, og dermed var det jobbing heile helga. Veldig slitsomt, men mykje vart veldig bra, og. Ellers så består livet av bra og ikkje bra ting for tida. Dei ikkje bra tinga har eg nevnt før. Det er vondt å vite at ein snart skal i ein begravelse som skjer alt for tidleg. Men då er dei bra tinga i livet ekstra viktige. Som at eg har to flotte ungar. Som at eg har bestilt billettar til Sunnmøre i haustferien for meg og dei to trollungane. Vi skal reise med tog oppover, så det blir artig trur eg. Ein liten ekspedisjon. Som at eg har flott sjef og flotte kolleger. Som at eg akkurat no bakar brød. Eg sette brøddeiga i går. Brukte lite gjær, og har latt den stå og kaldheve i yttergangen i natt. Er spent på korleis smaken blir!! :-) Og i dag skal vi i bursdag. Det gler vi oss til. Og kanskje skal vi ta oss ein tur på biblioteket før det. Det blir også kjekt. :-)

1 kommentar:

Siiv sa...

Håpe oss råkast i løpet av ferien xxx