torsdag 9. september 2010

Dualitet

I dag fekk eg ein vond beskjed. Ei eg kjenner og bryr meg om er sjuk og skal dø. Ho har vore sjuk lenge, men legane har greidd å halde sjukdomen i sjakk. No greier dei ikkje det lengre. Og eg kjenner sånn med dei. Ho har to superjenter, og ein snill mann. Og sjølv er ho ei fantastisk mor, ei morsom, interessant og snill venninne. Eit raust menneske og ei tålmodig sjel. Og det føles så urettferdig og feil at dei no må forhalde seg til den beskjeden dei har vore mest redd for. Akkurat no tenkjer eg at eg håper på mirakel. På liv. På lys, ikkje mørke. Og når livet er på ein slik stad at ein må tenkje på slikt, og på dei store spørsmåla. Så er det godt å ha unger som dreg deg inn igjen. Inn i dei små tinga. I verda igjen. I dag mista Alvilde si første tann. Og i perspektivet av dei store tinga ser ein verdien av dei små tinga. Som at Alvilde sit og syng for seg sjølv akkurat no. "Du skal få en dag i mårå". Og at ho som i går var vettskremd for at tanna skulle dette ut, i dag er verdas stoltaste førsteklassing med melketann i melkeglas med vatn. Barn er sannelig ein velsignelse.

Ingen kommentarer: