tirsdag 7. september 2010

Kvifor skriv eg nynorsk

Eg kunne tatt den lange forklaringa. Den som starta med Norsk Barneblad. Men i dag tek eg den korte.
Eg skriv nynorsk fordi nynorsk er språket til nokre av dei dyktigaste ordkunstnarane eg veit. Frode Grytten for eksempel. Som inspirerer meg, som er direkte, som treff midt i målskiva. Som skriv slik eg ynsker å skrive.
I db på nett i dag las eg om ei fotobok som skildra Norge på 50-talet. Boka i seg sjølv tenkte eg ein augneblink at ville vere den perfekte julegåva til far min. Og det ville det ha vore. No trur eg kanskje eg skal kjøpe den til meg sjølv.
For sjølv om eg er born av femtitalet så er dette historia mi.
Tida var forbi, men rekvisittane var der framleis, då eg vaks opp. Sildegarna, tapetane, møblane i flammebjørk, plastlampeskjermane og blomsterkrukkene med roser på. Og ikkje minst orda, historiene. Sildetida var nøkkel-år for dei som opplevde den. Og for oss som kom seinare var det år og ord vi levde saman med. Som ein bestefar som døydde før du vart fødd, men som du likevel synes du kjenner. Sjølv om tida var forbi så stoppa ikkje praten. Ingen rydda vekk rekvisittane. Dei gamle damene brukte framleis hårnett, sjølv om det ikkje hadde vore moderne sidan femtitalet.
Eg vaks opp på syttitalet. Eit merkelig krysningspunkt av ein barndom. Eksteriørmessig var barndommen min prega av to tidsaldrar. Og to tenkemåtar. Under sildetida hadde fiskarbøndene på Sunnmøre fått litt meir pengar mellom hendene, og fått råd til å pusse opp husa sine. Det var lyse fargar, respatexbord, linoleumsgolv. Den moderne husmora hadde fått seg eit lettstelt hus, men ho hadde samstundes vit på å ta vare på det ho hadde, for sjølv hadde ho vakse opp med at ting skulle reparerast. Ein skulle ikkje berre kjøpe nytt. Men dette var for meg besteforeldregenerasjonen. Dei unge var sekstiåttarar, politisk bevisste og likte det brune, sennepsgule og meiningssterke. "Kor e hammaren Edvard, du treng han vel no, no når døra skal spikrast igjen", sang vi fleirstemt med blokkfløyte-akkompagnement på skulen. Medan dei skjeggete lærarane våre banka takta.
Og så gjekk vi heim til bestemødrene våre, der vi fekk servert sviskegraut med melk, frå tallerknar med rosetrykk og som aldri vart skifta ut. Besta hekla store sengeteppe med tråden ståande på eit lite stativ som Besten hadde lagd til henne av hesjestreng. Han sat i stolen framom den gamle radioen som alltid var innstil slik at han fekk med seg fiskerisendinga. Etter mat sov dei til middag. Og eg kan framleis hugse tikkinga frå vegguret på lisjestova.
Linoleumsflisene lagt i ruter på kjøkengolvet. Boksen med niveakrem på badehylla.
Så lenge eg kan hugse såg det slik ut. Det vart ikkje kjøpt noko nytt. For det trengtest ikkje. Tida stod stille som den hadde gjort det i mange år allereide. Slik levde dei, og derfor var det og min barndom.
Forordet til fotoboka er skrive av Frode Grytten. Og eg bøyer meg i støvet for orda hans. Akkurat sånn kan det seiast!! Les gjerne heile forordet på db sine sider. Det er endå bedre i den rette konteksten. Dette er berre eit avsnitt som traff meg. Som skildrer Norge dei siste femti åra. Les og kjenn. Les og kjenn kor lite grautmål og museumsspråk dette er.
"Vi kom frå havet, og vi styrte mot land. Vi styrte mot utelyset som kasta heimlig glød over ytterdøra. Vi gikk inn, vi la oss til å sove. Så stod vi opp, åt frukost, starta bilmotorane, kjørte vegane sørover, vestover, austover, kjørte gjennom heile dagen, tente lysa mot kvelden, fann vegane til byane, styrte mot alt der framme. Vi kom frå havet, men blei noko anna, vi endra oss så raskt at vi ikkje oppdaga det sjølv."
Biletet her er forresten frå min eigen familiealbum. Ho som står bak er "Besta". Omlag jamngamal med meg på dette biletet. Det minste bornet er mor mi. og er eit av to bilete ho har av seg som liten. Dette biletet er nok tatt i starten av krigen ein gong, så det er ikkje ekte 50-tal. men ting endra seg ikkje så raskt då som no.

1 kommentar:

Cathrin sa...

Jeg må bare si at jeg datt litt ut av budskapet i overraskelsen over at de vakre bildene med skyer i headingen er borte :-O

Koselig med familiebilde <3