fredag 10. september 2010

Til orientering

Dottera var lukkeleg i dag då ho oppdaga at tannfeen faktisk hadde vore her i natt. Og det endå vi har ein litt skapp tannfe til tider. Vi har og ein son som har gjort det litt vanskelig for tannfeen. Ei tann spiste han. Ein gløymte han igjen hos ein kompis, og minst eit par gonger har han gøymt glaset slik at tannfeen skal få litt "utfordringar". (Det er då du blir litt svett, som mor) Den same sonen forklarte for øvrig for søstra i dag at tannfe-tenesten er organisert fylkesvis. Vi har for eksempel ein eigen tannfe for Akershus. Medan i Oslo var det faktisk bydelstannfear. Men kvar tannfe hadde ansvar for meir enn ein bydel, altså. At tannfeordninga er ei fylkeskommunal teneste, var nytt for meg. Men det er vel slik her som mange andre stader. Fylkeskommunen har ansvaret, men tiltaket er i stor grad bygd på frivillighet.

2 kommentarer:

Cathrin sa...

Søte vakre Alvildemor, NÅ er du virkelig blitt stor jente! Gudmor er sikker på at du er blitt 20 cm høyere siden forleden ;)

Anja Holt sa...

Bydelstannfeer? Hehe, den var virkelig en av de bedre!