onsdag 27. oktober 2010

kappløp

Dagen i dag:
0630, opp, dusje, fikse seg
0650 vekke sønn slepe han ut av senga
0700 vekke dotter som var nesten komatøs. krangle litt om kva kle ho skulle ha på seg. konkludere med kjole med ulltrøye under.
0720 smøre mat til barna, som spiser frokost. På med yttertøy, huske sekker etc. ta ut lasagne frå fryseren til stesønn-superbarnevakt.Regn betyr i det minste at ruter ikkje må skrapast (noko som tar tid)
0740 kjøre til skolen
0745 supersønnen vil gjerne følge søstra si til SFO. Dvs at mor rekk tog. Vindunderbarn!
0756 på toget. Sminke seg. leite febrilsk etter flexuskort. Fant det.
0830 i Oslo ta bana til Stortinget , kjøpe kaffe og gå i regnet for å finne hotellet der seminar skal vere. Som ein våt hund når kjem fram. Smile pent til kjente og ukjente
0900 Seminar om mannsrolle med interessant mann fra Bangladesh. Skeptisk til stolleiken og mange andre leikar.Innser at mobilen ikkje har tatt lading og er nesten tom for straum.
spennande tema og spennande co-seminaristar
1300 Tlf frå skulen. A har ikkje regnbukse på skolen. Den har nok blitt med heim. huske å ta med i morgon. huskar å seie frå at A blir henta av snille nabo M i dag
1500 gå frå seminar (i regn) til kontoret.Låner lader til telefon sv kollega Sten.
1530 Jobbstyremøte. Sender dobbeltsjekkande smsar til nabo M og stesønn. Alt er sjølvsagt i rute. interessant møte. Verkar som eit bra styre. positivt!
1915 Om møtet er ferdig no rekk eg1937-toget.
1920 Møte ferdig. Smekke saman PC og løpe
1937 på toget. Ringe stesønn. Alt vel, sjølvsagt. Noterer bak øret at sønn har ingen reine bukser, skal rett på syklubb, og må kjøpe brød på vegen. bestemmer meg for at eg ikkje treng å svinge innom heime for å sette på vaskemaskin. om eg gjer det når eg kjem heim kan eg tromle ei bukse i morgon tidleg medan eg dusjer. Og undertøy til Alvilde.

Innser at eg ikkje vil rekke å vere i byen til frokostseminaret som eg er pmeldt kl 08 i morgon.
jaja Det får gå.

Er det migrene som lurer bak pannebrasken der?

2 kommentarer:

Anita Cathrine sa...

*rister på hodet*

Herregud, Elianna .. Når puster du, egentlig .. ?

Elisabeth F sa...

I går tror jeg ikke at jeg pustet faktisk. Og da jeg la meg fikk jeg ikke sove. Typisk!! Men i helga er det jentetur!!Hurra!! :-D