lørdag 30. oktober 2010
Helgeoppdatering
Jentehelg i gamlebyen i Fredrikstad. Ni damer som ikkje har anna fore enn å vandre gatelangs, sitte på cafe og slappe av. Og for ein vakker stad. Til og med i regn. Her er det vidunderleg å vere. Eg er slik skrudd saman at vakre omgjevnader gjer at eg trivest så veldig. Medan stygge stader gjer meg utilpass, rett og slett.
Gamlebyen i Fredrikstad er så fin at ein berre går rundt og smiler.
Dessuten har eg kjøpt to julegåver. Og seks fine kaffelattekoppar som eg skal sette pent på plass i skapet når eg kjem heim.
Og utanfor Artellerigården, der vi bor, står verdens finaste bil. Som flytta heim til meg i forigårs, og som eg kjenner eg trivest ekstremt godt med. Hurra for minien min.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar