søndag 24. oktober 2010

Om å vere slangemenneske

For en deilig søndag. Veka startar i morgon, og i dag er det berre eit par handballkampar som skal spelast av sonen. Eg og dottera gler oss til å site på tribuna :-) Dottera gler seg nok mest til å kjøpe vaffel. Mannen er akkurat no på veg til USA der han skal vere denne veka. Han reiser veldig mykje, så eg er van med å vere "åleinemor", men det skal seinast at det ikkje alltid er enkelt å få verda til å gå rundt. Det er somme praktiske utfordringar. Den største utfordringa er at borna både må leverast om morgonen, og hentast om ettermiddagen, av meg Litt inspirert av Skogly nordre, har eg tenkt å ha eit lite familiemøte i dag. Det vil bli for meg og ungane då, men eg trur det kan vere nyttig å snakke gjennom veka likevel. Mitt viktigaste triks for å få verda til å henge saman, er enkelt:
TENK ALLTID FRAMOVER.
  • Legg fram klede til ungane kvelden før. (For dottera sin del må kleda avtalast og godkjennast (stort sett betyr det forkastast) Men slik er det uansett, og det er betre å ta det på kvelden)
  • Sørg for at middagen er i hus, og helst halvvegs lagd dagen før.
  • Sørg for å legge deg så tidleg at du kjem deg opp eit kvarter før du MÅ.
  • Ta gjerne med venner av barna heim, to barn er langt enklare å administrere enn eit barn.
  • Sørg for at du har litt pengar heime, (slik at det ikkje er krise om det er salg på skulen, eller sonen treng busspengar.) (Til eventuelle skurkar: vi snakkar tresifra beløp i lav størrelsesorden. Vi har ikkje tusenvis av kroner i liggande madrassen)
  • Sørg for at ungane veit kva som skal skje, og ikkje har forventningar om at du skal rekke like mykje som to foreldre gjer. Dvs at ungane f.eks ikkje forventar at du skal kunne lese til begge to, kvar for seg, om kvelden.
  • Innsjå at du ikkje vil rekke alt. Og at det du må velge vekk, er det du gjerne skulle gjort for din eigen del. Det å få trent, eller syklubb f.eks
  • Jobb heller litt på kvelden for å døyve dårleg samvittigheit.
  • Pust med magen og smil.
Så langt ser det ut som om det berre er onsdagskvelden som må leggast ut på anbod.
Då må eg på styremøte med jobben. Men det går nok. Skal legge planen og gjere avtalane som må til, i dag.
Dessutan så har eg ei veldig fin gulrot i enden av veka. For til helga skal eg på venninnetur.
Men no skal dottera, mor og klesskapet møtast til forhandlingar, som forhåpentlegvis ender opp med noko som alle partar kan leve med. Så skal vi i hallen, og etterpå skal eg lage brennsnut. Kokte fårekjøt i går, og burde eigentleg ha kutta grønnsakane og. Skal bli supergodt!!
Forresten så bøyer eg meg i støvet for dei som er åleineforeldre heile tida. Det er ikkje enkelt å få verda til å henge i hop.

2 kommentarer:

Hegemor sa...

Så hyggelig at jeg kan komme med noen tips :-)
Ingvar er i India hele uka, så jeg prøver også gressenke-tilværelsen....og gleder meg veldig til neste helg!

Siv x sa...

Du er flink Elisabeth :-) xxx