onsdag 3. november 2010

Kaffebrenneriet i NAF-huset...

Har nydelig kaffe. Spelar jazz og er ein bra stad å vere. For å drikke kaffe. For å lese. For å kikke på folka som går forbi. Somme har dårleg tid, somme ruslar sakte. Somme ser ut som dei eig verda og føler seg fine i kleda sine. Andre vil ikkje vise seg, og ser innover i seg sjølv.
På andre sida av gata ligg det ein nedlagt pelsbutikk. vindusreklamen for mink og rev er framleis råd å lese på eit vindauge i andre etasje. Eit sjokkrosa skilt for ein klebutikk usynleggjer den vakre gamle gatelykta i smijarn som heng rett over. Ein attgløymt rekvisitt frå gamle dager.
Og her inne i jazzen og kaffesmaken sit eg.
Av og til er det godt å finne ein stad ein kan betrakte verda frå. Før ein tømmer koppen og vandrar ut i verda igjen.
Mobile Blogging from here.

Ingen kommentarer: