onsdag 10. november 2010

Prt sc

Prt Sc står det på ein knapp på tastaturet ditt. Print screen. Trykk på ein knapp og ta eit bilete av PC-skjermen din slik den ser ut akkurat no.
Er det ikkje det vi gjer alle saman heile tida. Vi trykker prt sc og viser fram det i livet vårt som vi vil vise fram.
Somme av oss gjer det ofte. Som meg for eksempel, som bloggar og er Facebook-avhengig. Men eg skriv ikkje alt eg heller. Eg skriv ikkje om det eg ikkje vil fortelle om. Eg vurderer. Og spør meg sjølv: er dette noko eg kunne sagt høgt på toget utan å vite kven som sit bak meg.
Og om det er det så trykker eg kanskje prt sc.
Ein del av dei vurderingane er av det gode slaget. Eg skriv ikkje ting om borna mine som eg trur dei kan synes det er trasig å bli møtt med om tjue år. (Når sonen har tatt over etter Eva Joly som korrupsjonsjeger og dottera er statsminister)
Men ein del av vurderingane vi gjer er fordi vi ikkje tør å vise fram korleis vi eigentleg har det.
Fordi vi ikkje er modige nok. Ikkje berre på ein blogg, men elles i livet.
Vi fortel om solskinshistoriene, og vi fortel det vi føler oss trygge på at ikkje kjem til å møte oss på ufordelaktige måtar. Og eigentleg er det ikkje så rart.
Vi lev i eit samfunn der det er viktig å vere vellykka. Og der svakheiter kan møte oss i døra. Eg skal ikkje skryte på meg at eg er ei vis gamal kvinne. Men ein ting har eg lært meg etterkvart. Og det er at ein skal ha respekt for det som folk skammar seg over. Det som er vondt heilt inn i hjarterøtene. Det vi ikkje tør vise fram, fordi vi veit at folk ikkje vil handtere å sjå det.
Det er få menneske eg har meir respekt for enn folk som står fram med historiene sine og som står i dei. Som viser fram meir av seg sjølv enn oss andre, og som står for det. Anten det er mentale problem, tøffe perioder, familieproblem eller rusproblem. Eller noko heilt anna.
For det er ikkje enkelt å stå fram med slikt. Folk meiner gjerne noko om deg. Ser på deg på ein annan måte. Synes du er svak, eller trur du er på ein bestemt måte. Puttar deg inn i ein litt trang boks der du kan bo med eit stempel i panna. Og dei færraste av oss vil bo der. Vi vil vere oss sjølve med godt og gale. Og bli tatt for den vi er. Og fordi vi veit korleis det er. Fordi vi veit at boksen finst, og er med på å oppretthalde den sjølv til tider, så vel vi å halde ting for oss sjølve. Og så smiler vi stort før vi trykker prt sc.
Men folk eg kjenner som har slitt med til dømes mentale problem, eller rusproblem, og kome seg gjennom dei, verkar heilt usårlege etterpå. Det verkar som om alle desse mekanismene som stoppar oss andre frå å fortelje om våre ting, prellar av på dei som kanskje har opplevd dei. Kanskje er det slik du har vore så langt nede i kjellaren at du ikkje kunne skjule det lengre, og så greid å kome deg opp igjen, så betyr det faktisk ikkje så mykje kva andre måtte meine om det. Samanlikna med det du har vore gjennom er det liksom ingenting.
Eg håpar at folk som verkeleg slit, folk som ikkje har anna val enn å vise fram elendigheita si, det dei ikkje meistrar. Og som kanskje er vettskremte over at dei kanskje skal puttast i boks og dømmast i tillegg til alt det andre. At dei veit at alle andre har sine ting. Det er ikkje slik at alle andre er så himla vellykka heile tida. At alle andre fiksar alt.
Det er berre det at dei veit når dei skal trykke prt sc.
(Og til dei som akkurat no er i ferd med å hive seg over telefonen for å høyre korleis eg "eigentleg har det", så kan eg berolige med at det eg ikkje viser fram er av det bagatellmessige slaget. Eg er så langt i livet så heldig at eg har sluppe unna både mentale problem og rusproblematikk. Men eg tar det ikkje for gitt.... (eller kanskje rusproblema. Der trur eg at eg kan kjenne meg trygg ettersom eg er totalist.)

2 kommentarer:

irina sa...

Vet ikke hvordan jeg kom over bloggen din. men det du skriver her er sant. jeg har skrevet mye om det på min blogg...om livet, om å møte kjelleren, om min sykdom, min sønns sykdom. Om solskinnsdager og glede. Og så er jeg ikke redd for å stå fram med mine meninger...å ja jeg får mange fæle anonyme som kommenterer, men flere som kommenterer positiv. jeg har mange flotte bloggvenner selv om jeg aldri kommenterer tilbake. jeg er aldri inn på nye blogger...dessverre.Fordi jeg har ikke tid til å kommentere.
men det er nok fordi min blogg er populær...at jeg tør stå for min stil...meninger, interiør...irinastyle....det er blitt ett begrep :) hi hi.
Flott skrevet.
På etikketer kan du se hva jeg har skrevet...livet, filosofi, interiør, humor...en salig blandig. Jeg har aldri inviter nye til å lese....ikke noe egen reklame. men jeg føler vi skriver, mener og tenker ganske likt.

MVH Irina

Tonje F sa...

kloke ord som vanlig! Gledar meg til filleniesa blir norgeshistoria sin yngste statsminister ;)