onsdag 24. november 2010

Stemningsrapport fra fredsnasjonen

Oslo, desember 2010. Lette snøfnugg dalar ned over adventspynta gater. Som vanleg på denne tida av året har verda retta sine kameralinser mot Noreg. I vår fredelege krok av verda skal sjølvaste fredsprisen delast ut. Og verda følgjer med. CNN, BBC, Reuters og Sky News er i Noreg med fredstanken langt framme i pannebrasken. Og vi Nordmenn er stolte over det vi kan vise fram. Eit land der alt tilsynelatande fungerer. Eit land som det vert nikka anerkjennande til både i WHO og i EU. ”Der er det godt å leve”, seier dei. ”Dei får det til i Skandinavia.” Så når kameralinsene med årviss syklus vært retta mot balkongen på Grand hotell for å filme ein fredsprismottakar, så klappar vi nordmenn oss litt småstolt på brystet over kor fredelige vi er her i landet. Men sanninga er kanskje ei anna. For hadde dei internasjonale nyheitsreporterane bikka litt på kameralinsene sine. Sikta seg inn på gateplan i staden for å sjå oppover mot balkongar og dalande snøfnugg. Ja då hadde dei filma ei heilt anna verkelegheit. For desember er ikkje berre fredsprismånaden. Det er også julebordsmånaden. Sesongen for flatfyll og vold i gatene. Sesongen for blodflekkete dress-skjorter og mascaratårer. Medan fredsprisvinnaren, vinkar frå balkongen er verkelegheita ei heilt anna nokre kvartal unna, der legane på Oslo legevakt gjer ein formidabel innsats for å få pumpa ungjentemagar som er fylt opp med vodka og påspanderte drinkar. Tine opp folk som har sovna i ein snøskavl på veg heim frå julebordet. Og ikkje minst for å lappe saman alle desse menneska som har slåss i fylla. Oslo legevakt fortel at dei må sette inn ekstra bemanning i helgane for å handlere straumen av fulle nordmenn som treng hjelp. I 2009 kom det inn 1.100 menneske som var alkoholforgifta. På ei vanleg laurdagsnatt er så og seie alle som kjem inn med voldsskader rusa. Dei fleste på alkohol. For når nordmenn blir for fulle så er vi langt frå fredelege lengre. Når nordmenn blir for fulle er vegen kort til å bli voldsmann, eller voldsoffer, eller litt av begge deler. Når nok alkohol kjem inn så går det norske bondevettet ut. Og det som står att er ikkje mykje å vere stolt av. Vi har eit lovverk som skal sikre at folk ikkje blir overskjenka. Likevel fyllest bygatene kvar einaste helg opp av folk som åpenbart har fått for mykje å drikke. Og vi veit kor mykje av ansvaret ligg. Folk som spyr i bygatene på laurdagsnatta, har fått for mykje å drikke inne på ein utestad i nærleiken. Nokon har servert desse menneska alkohol, når lova seier at dei skal seie nei. Utelivsfylla skuldast at ein har mengder av uteplassar som ikkje gjer jobben sin. Som ikkje seier ”nei, du har fått nok”, når dei er lovpålagt å seie akkurat det. Bevisa for at dette stemmer er vanskelege å skjule. Du sei dei i oppkasta ribberestar utanfor utestader, i halvsovande dresskledde menn med skjorta utanfor, som må slepast med heim av velmeinande kolleger. Og ikkje minst ser du bevisa i voldsstatistikkane, og altså på venterommet på legevakta ei vanleg laurdagsnatt. Eg er takksam kvart einaste år. For at ikkje ein journalist frå ein av dei internasjonale nyheitsstasjonane har tenkt tanken at han skal ta pulsen på Oslonatta. For ein slik reportasje hadde vist fram sider av fredsnasjonen Noreg som vi ikkje har grunn til å vere stolte av.
(Denne ytringa er også publisert på http://www.actis.no/)

Ingen kommentarer: