mandag 22. november 2010

tikk takk tikk takk

Hugsar heilt tydelig at mor mi ein gong i barndommen sa at åra gjekk berre fortare og fortare. Og no tenkjer eg at ho har heilt rett. Kor blir det av dagane? Av helgene. Av vekene. Hjelpe meg så fort alt går heile tida. Det var sommer for nokre minutt sidan, og no er det jammen straks advent. Og så er det 2011 og eg blir 38, og så blir eg førti og så er eg halvveges til åtti. Livet er som sand mellom fingrane. Alderen plagar meg ikkje, men det plagar meg at eg ikkje rekk å kjenne etter så mykje som eg vil. At eg ikkje får vore nok til stades i livet mitt, fordi det er så fullt av livet mitt. At ungane veks opp rundt meg medan eg ryddar og lagar mat og småskjenner for eit eller anna. Eg trur kanskje eg må begynne med meditasjon.