tirsdag 18. januar 2011

Ein bloggpost til begeistring

Eg ønskjer meg meir begeistring i verda. Kanskje er det tida på året. Mørketida. Men no vært det heldigvis lysare og lysare. Det begeistrar meg. I ordets opprinnelege betydning. Eg er språkmenneske. Ordmenneske. Eg likar ord som ein kan skjøne kor kjem frå. Og som, om ein først tar seg tid til å smake på orda, gjer at dei får ei ny sødme. Begeistring er eit slikt ord. Å be-geistre kjem frå tysk. Geist betyr ånd eller sjel. Å be-geistre er altså å gi ånd/sjel. Det finst andre slike ord også. Eg synest det er fleire av dei på nynorsk. Smak på orda gravferd og truloving, f.eks. Det seier då mykje meir enn begravelse og forlovelse. Men tilbake til begeistringa. Betydninga er altså å overføre sjel. Så når du begeistrar meg så gir du meg litt av sjela i noko. Du overfører ei glede. Og når eg lar meg begeistre så lar eg ei glede, eller ein fascinasjon bli overført til meg. Og det er jo akkurat slik det føles. Kven har ikkje vore begeistra for nokon, og følt at ein har bore med seg litt av sjela til dette mennesket, kor ein enn er. Og i følge ordet så er det det ein har gjort. Ein har lånt litt av essensen av den personen. Når ein blir begeistra for nokon, eller av noko, så flyttar litt av sjela i det inn i sjela di. Eg kjenner mange menneske som eg er begeistra for, i den meir rause betydninga av ordet, inspirerande menneske som eg føler smittar meg med sin veremåte. Som får meg til å føle at eg veks som menneske. Barn begeistrar meg ofte. Vakre ting i naturen, Gode bøker. Av og til skal det ikkje meir til enn ein god kopp kaffe og nokre minutt til å kvile augene på det eg har rundt meg. Kanskje er det viktig å å la seg begeistre? Kanskje er begeistring viktig for å vekse som menneske? Begeistring er i allefall viktig for livsgleda! Så dagens oppgåve til eventuelle lesarar er å la seg begeistre av noko. Same kva. Noko på radioen, ein sang, ei bok, eit menneske, slipset til ankermannen på Dagsrevyen. Same kva. Eg skal la meg begeistre av at eg skal ha på meg leppestift. Fin, raud leppestift. (Eg held meg altså til nyttårsforsettet mitt enda.) Og legg ved bildebevis.

4 kommentarer:

Siri Fjørtoft, kaBoks sa...

Ej let mej begeistre av synet av deg med den flotte leppestiften din! Og av at eg har skrive ein ny blogpost. At vi skal ha pannekaker til middag. Og av at det ikkje er is på vegen lengre :)

Anja Holt sa...

Jeg lar meg begeistre av stigende formkurve og ett nydelig bilde av en nydelig dame. Du er vakker, Elisabeth!

Janne-Lise sa...

hei - eg snubla innom bloggen din og let meg begeistre over at du nyttar nynorsk når du skriv - det er HERLIG lesing :)

sjølv er eg oppvaksen med nynorsk og ein morfar som var ein stolt språkmann :) Noregs Mållag høyrde eg tidleg om :) eg er sjølv godt utvatna i både tale og skriftspråk; kanskje er det derfor dine innlegg begeistrar meg slik?


Eg ynskjer deg ein strålande tysdag og kjenner på at det var kjekt å skrive nynorsk :)

helsing Janne-Lise

Elisabeth F sa...

Så koselig,Janne Lise (Og Anja og Siri!) Tusen takk for kommentarar.
Eg kosar meg med å skrive på nynorsk. Kremspråk!!