onsdag 16. februar 2011

Nærværende eller derværende?

Dette er definitivt å kaste stein i glashus. Hardt og til alle kantar. Av og til lurer eg på kor ofte vi ER der vi er. Reint fysisk er vi sjølvsagt til stades. Men resten då? Hovudet. Eg synast ofte at vi er ein eller annan stad mellom komatøs og distre. Vi er berre delvis tilstades i den verkelegheita vi fysisk sett eksisterer i. Hovudet er ofte ein heilt annan stad. Det slo meg då eg såg to unge fyrar som gjekk ved sidan av kvarandre, men der begge to snakka i kvar sin mobiltelefon, at slik er vi ofte no for tida. Vi er saman, men ikkje saman. Samstundes som vi fysisk sett er på same stad og også har ein slags sosial omgang, så er vi svært ofte berre litt til stades. For samtidig som vi skal vere saman med dei vi er saman med, så skal vi tekste, sjekke FB, ta imot telefonar eller vere på PC. Heile eller delar av tida vi er saman med nokon er vi berre delvis nær dei. Den andre delen av hjerna vår, av merksemda vår er ein annan stad. Der vedkommande vi tekstar med eller snakkar med er. Eller på skjermen. Vi opplever sjeldan nærver, men ofte "dervær." Eg er sikkert i ferd med å bli gamal, det er vel derfor eg stadig er så kritisk av kor fort alt går og korleis tekniske nyvinningar forsøplar samspel mellom menneske. Men eg stuper ut i det. Grinebiterskheita mi. Blir det for ille får nokon ta ansvar og be meg om å skjerpe meg litt. Eg trur eigentlig ikkje at verda er så ille. Eg synest verda er ein ok plass eg. Og det prøver eg å seie kvar gong Jehovas Vitner-dama som vitjar døra mi med jamne mellomrom, hevdar at verda er forferdeleg. Eg synest faktisk det er heilt OK her. Mykje vil eg seie er veldig bra. Spesielt for oss som bur her på denne kanten av verda. Eg synest eigentleg ikkje dei tekniske nyvinningane er ille heller. Kor fantastisk er det ikkje at verda blir mindre, og at eg, om eg vil, kan småsludre med vener over heile verda på msn eller Facebook. (Og som ein liten språkleg gest la eg inn ei anglifisering av språket i første delen av den setninga) Men eg trur vi må vere bevisste på når og kor og kor mykje. Og ikkje minst sjå at nærværet. Det å sjå kvarandre inn i augene og vere på same stad heilt og fullt. Det er ein verdi i seg sjølv, og av og til må den prioriterast. Kanskje er den viktigaste verdidebatten om nye medier spørsmålet om når ein ikkje skal bruke dei. Om når ein skal vere utilgjengeleg der, for berre å vere her. Nær.

Ingen kommentarer: