tirsdag 15. mars 2011

Hvorfor så stille - lille persille

Ingen grunn. Anna enn at eg ventar på våren. Og på atomkatastrofa i Japan. Det første med glede, det andre med skrekk. Når slikt skjer blir det åpenberrt at mitt liv er mest intererssant for meg sjølv. Verdas navle er langt meir interessant, enn den navlen eg betraktar verda frå til dagleg. I slike perspektiv kjennest det feil å tøysetulle på Facebook, og skrive statusmeldingar om småtteri. Men så gjer ein det likevel. Kanskje skammar vi oss litt. Men vi lev vidare. Medan menneske risikerer livet for å hindre ein atomreaktor i å eksplodere i Japan, lev vi liva våre som vi brukar å leve dei. Kanskje er det slik det skal vere. Vi menneske er skrudd saman slik at vi ikkje kan ta inn over oss alt som er vondt i verda på ein gong. Ikkje alt det som er godt heller. Men ujamne mellomrom får eg besøk av ei dame frå Jehovas Vitner. Ho kjem med blad til meg, som eg ikkje les. Av og til kikar eg i dei for skams skuld. (Digresjon: Og det eg har kokludert med frå eit informasjonsfaglig synspunkt, er at desse blada kommuniserer svært dårleg. Om ikkje vitna vel å modernisere uttrykket sitt litt meir, så kan dei nok telje dagar på fleire vis. For dette fører ikkje til fleire medlemmar)(For øvrig så brenn dei dårleg og. Nesten som gåvepapir) Eg er av dei som meiner at ein skal prøve å leve etter ideala sine. Eit av mine ideal er religionsfriheit og at alle menneske er like mykje verdt. Difor er eg grei, også mot Jehovas Vitner. Eg seier hei, vekslar nokre ord, og om dama ville hatt ein kaffekopp så skulle ho fått det også. Som alle andre som kjem på døra mi og oppfører seg som folk. Eg latar ikkje som om eg er samd med henne i det ho seier (så eg trur etterkvart at ho har skjønt at det nok ikkje blir vitne av meg), men vi har nokre interessante samtalar der på trappa. Ein av dei tinga vi ikkje er einige om er skildringa av verda. Ho peiker støtt og stadig på at vi lev i ei vond verd. Eg seier at eg ikkje er einig. Visst er det mykje vondt. Både i menneska og i verda. Og somme gonger skjer det ting som gjer at vi ser kor små og ubetydelige vi eigentleg er. Så sjølvsagt må eg vere samd i at det er mykje vondt her i verda. På makronivå og mikronivå. Men det er mykje godt også. Så ofte endar trappestundene med at ho snakkar om jamring, og eg minner om jubel. Det rare er at det ofte heng saman. Eg blir fascinert av at det vonde ofte får fram det beste i menneska. I sorga møter ein medmenneske. I katastrofer opplever vi oss som brødre. Då er ditt barn mitt. Vi er av menneskeslekta. Verda er ikkje svart/kvitt. Den er ikkje brun heller, eller grå. Verda er komplisert og fargerik og mangfoldig og er eit underverk. Ein kan og skal sjå både i marko og mikroperspektiv. Ein skal sjå det vonde og sjå det vakre. Ein skal sørge, og ein skal vere eit medmenneske. Men ein skal også feire livet. Fordi vi har det. Men akkurat no får vi krysse fingrane for Japan. Sørge med dei over tapte menneskeliv, juble med dei over menneske som overlevde mot alle odds. Og gjere det vi kan for å hjelpe.

Ingen kommentarer: