søndag 13. februar 2011

Vårteikn

Vestlandshelg. Eg er på møte i Haugesund. Og her er det nesten vår.
Eg har sett knopper på tre, eg har sett fuglar som bygg reir, eg har sett snøfrie marker og ikkje minst havet. Her er det overgang mellom sein vinter og tidleg vår. Eg har knapt hatt direkte bakkekontakt sidan november, då den første snøen kom på Eidsvoll. Og som alltid på denne tida av året saknar eg vestlandsvåren. Den lange våren som startar i slutten av februar og varer til mai. Der ein følgjer med på fuglane etter kvart som dei kjem. Småmåsen og grågåsa. Blomstrane etter kvart som dei kjem opp av bakken, snøklokker, krokus, påskelilljer, pinseliljer og tulipanar. Alt til si tid og i rett rekkefølge.
Og i går fann eg altså dette skiltet. Og ropte "STOPP BILEN", så eg fikk tatt bilde av det. Svebakken er altså heimgarden min. Den vesle flekken av verda som eg kjem frå, og der slekta mi har budd i nokre generasjonar. Også er det ein plass i Haugesund, og det er på den Svebakken skiltet står.
I dag er det morsdag. Eg har blitt oppringt av dottera, og blir nok feira litt etterpå.
Og så skal eg ringe til mor mi. Og gratulere henne med morsdagen. :-)
Men først meir møte, og så reise "heim" igjen til ca 20 minus på Eidsvoll, og truleg til eit par månader til med snø.
Sukk.

2 kommentarer:

Hege F. sa...

Austlandsvårane var definitivt det vanskelegaste med å bu austaføre...

Her i Bergen kan våren godt starte i januar, om ein svarttrast er i det rette lunet. Vårar kjem det fleire av utetter, deilig er det!

Siri Fjørtoft, kaBoks sa...

Lika skiltet! Det blir ein flott LO :-) Eg pakkar ned scrapperommet mitt... Har akkurat putta alle punchane mine ned i ein og samme kasse. Det var ikkje lurt. Eg vart faktisk ganske sjokkert over omfanget!!!