onsdag 30. mars 2011

Det var på tide å pynte litt på bloggen igjen. Kva gjer eg på for tida. Eg jobbar, eg pendlar, eg les bøker. Eg er reisande i barnebursdagar, handballkampar og treningskøyring. Som dei fleste andre mødre vil eg tru. Eg høyrer på fin musikk. Frida Ånnevik er favoritten akkurat no. Om du likar litt melankolsk fin musikk med fine tekstar bør du høyre på det. Det gjer eg. Også lærte eg meg å strikke hel på sokk i går. Hurra. Og du verda så mykje eg kunne ha skrive om Frp og uansvarlegheit. Men det gjer eg ikkje. For eg er tross alt eit modernemultimediamenneske. Eg blir fort lei. Om vi har snakka om noko ei halv veke er det på tide å snakke om noko nytt. Dessuten så har allereide mange andre kome med dei artigpoenga ein kan kome med om Frp. Det er nok ikkje fleire att. Og då gidd eg ikkje anstrenge meg. Nyheiter er tross alt mest ei ytringsform for å få fram punchlines på face. Er det ikkje? Poenget er vel at vi for ein kvar pris ikkje må kjede oss? Og Frp er gamalt. Om ein skal seie nyheitene siste vekene på ei linje vil det vere ca JapanFrpLizTaylorOlleogBjørnenWencheFossLilleHolgeriskogen. Og Frp er nesten heilt først der. Så då er det gamalt. Ferdigsnakka. Ein snakkis som vi er lei av. "Bygones" som han sa han fyren i den serien som var så ny og revolusjonerande for nokre år sidan, og som ingen av oss hugsar lengre fordi den har gått inn i rekka av nye og revolusjonerande seriar. Ally McBeal var det ja. Vi blunka litt lenge og den raste inn i historia. Og vart erstatta av ein annan tirsdagsserie som tok "Fallon-trikset" og i løpet av eit par veker så hadde vi gløymt Ally og trudde liksom at det var den nye serien som alltid hadde vore der. No skal eg slutte. Eg trur eg strikkar litt i staden og vender tilbake til bloggsfera ein annan dag med mindre kynisk realisme. Eg trur optimistisk idealisme kler meg bedre. Bygones

1 kommentar:

Anonym sa...

Ikkje strikke dej HEILT vekk da Elisabeth! D e so kjekt å lese d du skriv! Du skriv so gøtt :o) So ikkje gløym bloggen heeeiiilt da ;o)