torsdag 31. mars 2011

Tid for tåkeprat?

Det er tid for litt kvardagsfilosofi igjen. Dei som ikkje likar slikt bør finne seg ein annan blogg i dag. Då kan eg til dømes anbefale denne: Ein av dei artigaste bloggane eg les for tida. Eller kva med bloggen til kollega-Berglund. Som ser på bryllaupsførebuingar med eit maskulint (og litt uforståande) blikk. ;-) Her skal det handle om filosofi. Om det fjerde element. Tid. Tid fascinerar meg. I løpet av siste året har eg tenkt meir over tid enn eg har gjort tidligare. Tida er det som avgrensar oss. Vi er her på jorda berre for ei gitt tid. Før og etter oss er det også tid. Men då er det ikkje "vår tid". Då er vi ikkje her meir. Kor vi er er ein annan diskusjon, som inneber at ein må snakke om ordet tru. Big issue. Så det blir ikkje no. Her og no handlar det om tid. Eg har sjølvsagt guggla litt for på finne ein definisjon på tid. Wikki seier at tid er et abstrakt begrep som i hovudsak vært nytta for å skildre hendingar si konstante rørsle frå fortid til nåtid til framtid. Men tid kan også bety intervallet mellom to hendingar. Tid er eit omdiskutert abstrakt begrep, og har vore og er gjenstand for diskusjon innanfor religion, filosofi og vitenskap. Også står det: I moderne fysikk går ein vekk frå konseptet om absolutt tid. Eg er fascinert over tid som element i livet. På den eine sida er tid det som stadfestar kontinuitet. Men samstundes seier ein at tid leger alle sår, og meiner at det meste går over om ein "tar tida til hjelp." Så dermed er tid også det som stadfestar endring. Tid kan altså få ei kjensle til å forvitre, fordi avstanden til det som forårsaka kjensla vært større. Andre inntrykk kjem inn og tek litt etter litt over plassen til den opprinnelege kjensla. I praksis fungerer altså tid slik for folk at vi greier å leve med dei sterke kjenslene våre. Fordi det døyver litt etterkvart. Om det ikkje var slik ville vi følt alt like sterkt heile tida. Sorga over å miste ei kjær bestemor ville vere like sterk etter tjue år som det var den dagen ho døydde. Og slik ville vi ikkje kunne leve. Då ville vi ende opp tynga til bakken av alle sorger vi opplever gjennom eit liv. Vi ville ha alle våre kjærleikssorger på ein gong og i år etter år. Men ettersom det er slik så har vi også ei forventning til at ting skal gå over "med tida." Ein estimerer kor lang tid det vil ta før ein ikkje sørger så sterkt, før ein går vidare etter ei skilsmisse, før ein kan tilgi noko og stole på kvardagen igjen etc. Og det ligg ein kotyme der for kor lang tid ein skal bruke. Det skal ikkje vere for kort, men heller ikkje for lenge. Men så er det somme gonger då, at tida liksom prellar av. Somme kjensler er så sterke at dei ikkje kan døyvast av tid. Kjærleiken ein føler for borna sine vil ikkje forvitre av at bornet ditt periodevis er langt unna deg. Du treng ikkje stadige påfyll for å minne deg sjølv på at du elskar dei. Og somme mennesker kjem seg liksom aldri på beina igjen etter å ha mista ein ektefelle. Istaden for å døyve sorga verkar det som om tida verkar mot si hensikt. Den stadfestar dag for dag at det har blitt ei endring. Og etter ei tid så er endringa i deg sjølv blitt vedvarande. Kanskje er det slik at tid verkar dårlegare på somme menneske. At menneske som er meir sårbare for alt som skjer i verda, rett og slett har mindre av dette tidsfilteret som gjer at kjensler blir redusert. Men det rare er at det verkar som om det skil seg frå "sak til sak". At for dei fleste av oss fungerer tida døyvande på somme kjensler, medan andre kjensler forblir som dei var. Tid skiller også menneske frå kvarandre. Vi har viktige menneske i livet vårt, men det er våre samtidige. Dei menneska som levde før oss eller etter oss vil vi aldri få kjenne. Berre gjennom bøker, eller gjennom historier. Og dei vi er samtidige med fjernar seg også frå oss ved hjelp av tida. Menneske døyr, born veks opp, menneske blir eldre. Etterkvart som eg les det eg har skrive innser eg at eg er i ferd med å høyrest ut som Morten Harket. Jaja. Kunne vore verre. Han snakkar i allefall ikkje folk etter munnen, den godaste Harket. "Det er så mangt å undre seg over her i verdi, eit manneliv strekk ikkje til." Sa Ivar Aasen. No sa eg det eg og. Eller, eg sa i allefall at han sa det.

3 kommentarer:

Anita Cathrine Karoline sa...

gull, jeg skulle ønske du hadde litt mellomrom mellom avsnittene dine ... :(

Elisabeth F sa...

Det er en eller annen feil med blogspoten min. Kommer ikke mellomrom selv om jeg putter de inn :-(

Anita Cathrine Karoline sa...

ååå ... så dumt .. :( men fikse det da vel .. ? *løsningsorientert* ;)