mandag 11. april 2011

On a killing spree

Somme gonger er det åpenbart at minst ein av kattane våre har fått feil namn.
Å kalle den vesle grå pelsdotten "Nøste" verka som ein god ide då ho var ein liten søt kattunge med store auge og silkemjuk grå pels.
Den silkemjuke grå pelsen har ho framleis. Og ho er både sosial og triveleg mot oss menneske.
Men for fuglar og gnagarar som skulle nærme seg tomtetrensa vår er namnet som ein hån.
For dei er ho ein seriemordar, eit monster som drep, torturerar, leikar med offera sine og gjerne hentar dei fram igjen i død tilstand for å leike litt til.
Denne vesle blåmeisen endte sine dagar i dag eller ein annan dag. I dag tidleg leika Nøste fornøgd med den i hagen og ville gjerne vise den fram.
Eg håper berre at ho ikkje vel å frakte den med seg inn gjennom den nyinstallerte kattedøra. Og er glad for at ho fekk ormekur i forigårs.

2 kommentarer:

Nina sa...

Note to self: Ikke innstaller kattedør

Anja Holt sa...

Hehe, her er det nok av katter som tar seg av samme aktivitet. Men Nøste er da søt okke som?