mandag 23. mai 2011

Om hundre år er alt gløymt

Sa Hamsun.. eller var det Ibsen? (Det var Hamsun, når eg latar som eg ikkje veit det er det eit retorisk grep, eg kan å google) Og sjølv om vi i alle fall delvis hugsar det framleis, så er det mykje sant i det. Det er ikkje berre metall som forvitrar. Minna forvitrar også. Hukommelsen vår tar med seg fragment og lar andre ligge att. Og når vi skal fortelle historiene om dei som har vore før oss så bygg vi opp historiene av fragment. Av det vi veit, Det vi har høyrt og det vi trur vi veit. For hundre år sidan var bestefar min om lag 20 år gamal. Han døydde nokre år før eg vart fødd. Så det eg veit om han og har etter han er bilete og historier. Eit menneske gjenfortalt gjennom andre. Kor sant kan inntrykket av eit menneske bli av det? Når ein høyrer historier om folk som er vekke, så er det for det meste dei spesielle tinga som blir fortalt. Om sjukdom og død. Men også dei artige historiene. Tinga som har gjort at eit menneske har utmerka seg. Når det gjeld farfar min har eg høyrt meir. Ettersom han var far til min far har eg og fått høyre kvardagsdetaljar. Så eg veit at han stod opp først av alle i huset og at dagen starta med lyden av kaffekverna på kjøkkenet. Som han drog rundt så forsiktig han kunne for ikkje å vekke dei andre. Men eg har også høyrt dei artige historiene, om då han i ein pause i hesjinga henta fram igjen fordums kunstar frå ’moen, og utfordra far min i bajonettfekting. Og vann. Eg har høyrt om at han og tvillingbroren var så like at mor deira ikkje greide å sjå forskjell på dei. Eg veit at bestemor mi syntes han var ein underleg skrue med ein veldig stygg bart, første gongen ho traff han. Men så vart det dei og dei fikk seks born. Eg har høyrt om ting han har sagt og ting han har gjort. Om viktige perioder og vanskelege perioder i livet hans. Og det er ikkje få historier som finst. No, omlag 40 år etter sin død er han redusert til historiene, ettermælet. Slik alle som har vore er det. Vi hugsar dei som glimt, som toppane i ein graf over pulsslaga våre, ein slik du ser i amerikanske filmar før dei skrur av maskina og grafen flatar ut til eit strek. Men kven veit om ikkje dei store og viktige tinga for han skjedde mellom to slike pulsslag. Det er aldri dei store hendingane i seg sjølv, som er det viktigaste i eit liv. Hverken fødsel eller død eller fengselsopphald eller lottogevinstar. Det er våre reaksjonar på dei. Den indre reisa dei fører med seg. For dei fleste av oss så finst det slike pulsslag som den indre reisa kan knaggast på. Å få born er ein knagg, då nokon nær deg døydde er ein annan. Det finst minne som rissar forsiktig i overflata, og minne som skjer djupare. Men det finst og sterke kjensler som ikkje kan knyttast til pulsslag. Ting som veks fram over tid. Vissheit som slår oss midt i kvardagen. Og kanskje er desse fragmenta det som heller burde stå att som essensen av eit menneske. Kven kan seie om dei fragmenta eg sit med etter farfar min er dei rette. Om det var slik han såg på seg sjølv. Mest sannsynleg ikkje. Kanskje ville han ha sagt at han var aller mest seg sjølv midtfjords i båten med synsranda framfor seg og lina ute. Den vesle stille stunda før han skulle drage opp. Enkel psykologi slår fast at vi har ei side som er kjent for oss sjølve og ei side som ikkje er det. Vi har også det vi vel å vise andre og det vi vel å halde for oss sjølve. Det er vel også grunn til å tru at tidene ein veks opp i pregar menneska. Samfunnet ein lev i. Så når eg skriv denne teksten er det fordi eg har vakse opp i eit navlebeskuande samfunn. Eit samfunn der mykje handlar om individet. Det er ikkje sikkert at bestefar min var så opptatt av individet. Det er godt muleg at han ikkje hadde skjønt poenget med denne teksten i det heile tatt. Det er ikkje sikkert han drøymte om mykje meir enn det han hadde. Kanskje var han nøgd med å ha det som han hadde det. Når ein har familie som er friske, nok til å klare seg, og utsikt til horisonten Og strengt tatt var ikkje det lite.

3 kommentarer:

Siv sa...

Eg gler meg kvar dag til å sjå om du har skrive noko nytt på bloggen din, og i dag kjentes det ut som eg vann litt i lotto - du er så flink til å skrive at eg sit her med tårer i augene. Du er verdas beste Elisabeth du.

Tonje F sa...

no såg eg meg rundt etter likar-knappen på kommentaren til Siv. Og no var det ei stund sidan sist vi hadde vunne i lotto, kjekt med oppdatering og gler meg til å treffe deg i morgon!

trineb sa...

'liker'