mandag 27. juni 2011

Livsteikn frå Spor 19

"Ka du tru det KOSTA dette her", seier Sunnmøringen bak meg på bussen. Vi står på spor 19, på austsida av Oslo S. Ein provisorisk busshaldeplass for påkomne kristetilfelle i kollektivtrafikken. Det er få pendlarar som ikkje veit kva "alternativ transport frå spor 19" betyr. Det er meldinga som kan få flexuskortet til å skjelve i lomma. Datasekken til å kjennast tyngre enn elles. Det betyr buss. Ikkje tog. Og kaos. Fjernsynsskjermar og informasjonssystem som slett ikkje verkar som dei skal. NSB-tilsette som prøver å fylle informasjonsbehovet til hundrevis av frustrerte togpendlarar ved bruk av sinnastemme, krakk og ropert. Stressa, fortvilte kroppar som står rundt deg alle stader. I same bås, men likevel villige til å gå over liket av ein stakkars nedtrakka pendlar, for å kome seg først på bussen, og dermed kanskje rekke å hente ungar i barnehagen. Spor 19. Helvetes forgård. Og i nokre sommarveker skal dette vere slusa ut av Tigerstaden. Porten du må gjennom.
Denne gongen er eg heldig. Klokka er 1407, og ein NSB-tilsett har tenkt seg med same toget som meg frå Lillestrøm. Han stressar opp sjåføren og påpeiker at dei allereide har kome for seint til to avgongar frå Lillestrøm i dag, og då må passasjerane vente i ein time. "Det er best å kome i gong." Eg tenker i mitt stille sinn at det der har vi prøvd før, det burde stå eit skilt over rattet med "I krisetilfelle, prøv ikke å snakke fornuft med sjåføren eller nokon andre NSB-tilsette". Men det ser ut til at det hjelp at fornuften blir ytra av ein med NSB-uniform. Bussen køyrer i allefall. Sunnmøringen bak meg har rekna ut på minuttet kor mykje tid dei kan bruke på vegen til Gardermoen, og framleis rekke flyet sitt. Kona prøver å roe ned "Det gjeng bra". Men pensjonisten er i oppstressa indignert fisten når han svarar: "Gjeng bra, ka du veit om det? Veit du noko som eg ikkje veit altså". Det gjer ho ikkje. Ikkje eg heller. Vi veit ingenting, anna enn at bussen akkurat no svinger ut frå spor 19, og inn i rushtrafikken. Vi er i ferd med å forlate Oslo. Denne forunderlige byen som ingen forlater uten å ha fått merker av den.
Eg pustar letta ut.
(Illustrasjonsbiletet er tatt frå ein reell situasjon og av ein ekte pendlar)

2 kommentarer:

sisla sa...

Åhh kor heldig vi e som bor i Molde og ikkje har Spor 19. Men,men så holder de jo på å graver og graver med store maskiner opp veier både her og der i byen nå for å legge nye rør og ledninger da ;-) Ha en fortsatt fin sommer ;-)

Nina sa...

Vi er heldige som har "Dryna" og "Harøy"! På fire år har eg nesten ikkje opplevd å ikkje kome meg på jobb til rett tid. Kjekke ferjer og kjekt mannskap. Får ikkje skrytt nok av dei:-)