lørdag 25. juni 2011

Min plass

Somme gonger kjenner ein seg rik. Som når plenen er nyslått, eg har kjøpt inn to korgstolar til det naturlege lysthuset under syrintrea, og den eldgamle sjasminen blomstrar så det angar i heile hagen, og inn gjennom den åpne verandadøra. Hagen min. Og sommar. I morgon skal eg luke, og skru saman ein benk, og så skal eg lese søndagsaviser og drikke kaffe ute. Og eg skal kose meg og ha kviledag.

Ingen kommentarer: