fredag 24. juni 2011

Kreativitet

Kva er det eigentleg. Dette vesle rommet som let ein sleppe inn og gløyme tida.
Som gjer at du i eit lite glimt får sjå idealet bak noko, at det liksom finst ein slags fasit, som du nærmar deg, anten med ein kamera, med ein malepensel, med ein bevegelse, med ein tone.
Det er få delar av meg sjølv eg er meir glad i enn kreativiteten min. Og ikkje misforstå meg her. Eg hevdar ikkje at eg sit på eit stort uoppdaga talent. Eg snakkar om opplevinga av å skape, og opplevinga av kunst.
Eg kjenner menneske eg beundrar djupt for det dei skaper. Fordi det dei gjer gir meg noko. Løftar dagane mine ut av det grå og opp i himmelrommet. Eg har vore så heldig at eg kjenner menneske som har latt meg få sjå prosessen. Eg veit at det er eit blodslit, men at det likevel er verdt det. Fordi det er ein slags magi. Ein slags livseliksir i det dei gjer. For min del handlar det om å miste seg sjølv. Anten i musikk, i å skape noko med hendene mine, med kameraet, eller aller helst i ord. Eg kan ikkje tenkje meg noko verre enn å miste det.
Min store frykt her i verda er å miste orda. Dei som kjenner meg veit at eg snakkar mykje, (og mange meiner at eg snakkar alt for mykje. At det rett og slett er vel mykje av meg) Men dei viktigaste orda for meg er ikkje dei orda som kjem ut av munnen min. Dei viktigaste orda for meg er dei orda eg les og dei orda eg skriv.
I begge tilfelle mistar eg tida. Forsvinn eg inn i eit tomrom der det berre er orda. Magien. Kva hadde vel livet vore utan orda. Utan dei fantastiske bilda som skildrar akkurat den kjensla, sangen som greier å sette ord på dei usagte kjenslene. Som skildrar livet sannare enn det er når vi lev det, på eit vis. Essensen av det å vere menneske. Akkurat no les eg Gabriel Garcia Marques, høyrer eg Hilde Marie Kjersem, tar eg bilete med kameraet mitt, som eg bearbeidar i PS etterpå, tegnar eg skikkelsar med tusj og setter saman papirbitar i fargekombinasjonar. Tenker eg kreative tankar. Men berre for meg sjølv. For opplevelsen av det. For det er der magien ligg

Ingen kommentarer: