onsdag 22. juni 2011

Sjeleferd til båresus

Heime igjen. Etter ei veke på reisefot. Og føler meg litt som dei her indianarane som reiste til Washington med tog, og sat i dagesvis på eit golv før dei kunne starte forhandlingar. Grunnen var at dei måtte vente på at sjela deira skulle kome etter. Det må eg og. Det er praktisk å reise med fly, men sjela heng liksom ikkje heilt med. Den blir igjen og kjem seinare. I formiddag var eg i EU-parlamentet i Brussel. No er eg her heime på Eidsvoll. På laurdag var eg på ei vindmølle utanfor Lisboa. Rart. Men andre eg kjenner reiser lengre enn meg. Heilt frå Afrika, eller til Asia. Får vi med oss sjelene våre velberga heimatt etter kvar tur?
Men det har vore fine dagar, først i Portugal og så i Brussel. Fine stader og fine folk. Og det er så sunt å reise. Så sunt å erfare det vi snakka om "då eg var ung". All different - all equal. Sjølvsagt hadde det vore kjekt om eg ikkje hadde mista lommeboka mi i Lisboa. Men du verda for nokre søte menneske som hjalp meg og ordna opp!!
No er det rart å sitte i stua og høyre på lyden av bårene medan hurtigruta pløyer seg fram mot Båtsfjord. Eg kunne hatt slik tv heile tida!! Superavslappande!! Kjem det ein hurtigruteturen -dvd frå NRK Aktivum sånn etterkvart. Det hadde vore kongekult.

1 kommentar:

Hege F. sa...

Og a propos båresus, er det tilfeldig at EU-parlamentskoppen til forveksling liknar ein god, gamal MRF-kopp? I den grad at eg formeleg kunen høyre klirringa? Måtte lese litt og sjå nøyare før eg såg EU-emblemet. Men det er klart, svele mangla Burde gitt eit hint...