onsdag 6. juli 2011

I dag: teknologiblogging: Kindle lesebrett

Har fått ny dings. Amazon Kindle. Fekk den i gåve på søndag (Er så heldig!!!!) Og om eg skal gjere som ein gjer på slike teknologibloggar og dele ut smilefjes, så får det bli fem stk.
:-) :-) :-) :-) :-)
Kva er ein Kindle: Jo det er eit lesebrett. Altså ein flat, lett, elektronisk dings som du kan laste inn bøker på, og lese bøker frå.
Så langt er eg strålande fornøgd. Eg har lest ut mi første bok. ("The prince of mist" av Carlos Ruiz Zafon) Og er i omlag midt i mi andre ("How to be good" av Nick Hornby) Og det er ikkje på nokon måte ubehageleg å lese frå den. Godt for augene, og det går raskt automatikk i blainga. Det einaste eg kan kome på er at eg saknar følelsen av boka i handa. Den fysiske opplevinga av å ha kome midtveges eller sjå at ein nærmar seg slutten. Det er ein liten "målar nederst på skjermen som viser kor langt du har lese, prosentvis, men det er likesom ikkje det same som å kjenne at mengden sider mellom fingrane endrar seg. Men det er ein bagatell. noko eg er villig til å leve med.
For fordelane er mange!!
For meg som les mange bøker, og som pendlar, er det veldig greit å berre ha med seg eit lite og lett lesebrett ramfor ei bok. Dessutan er det ei glede å "sleppe" å fylle huset med pocketbøker. Eg har sikkert hundrevis av pocketbøker. Og dei får ikkje lov til å bo i bokhylla på stua saman med dei "skikkelege bøkene mine. Dermed har eg stablar med pocketbøker. På nattbordet. I ei kiste på loftet. I kasser i garasja, Og ei heilt eiga bokhylla på gjesterommet. Og det kjem stedig fleire til gards. men ikkje no lengre. No er det Kindle som gjeld. Så langt har eg kjøpt engelske bøker på amazon.no, men det skal visst vere råd å laste inn bøker gratis, og det skal vere råd å lese bøker som PDF. Eg reknar med at det også finst norske bøker som kan lesast via Kindle. Eg får teste ut meir etterkvart

Ingen kommentarer: