fredag 8. juli 2011
Oppdatert sommarliste
Åh, så nydelige bøker som Nick Hornby skriv. Og Gabriel Garcia Marques då, som eg nevnte for berre eit par blogginnlegg sidan. Veldig forskjellige forfattarar, men begge skriv på den her måten som gjer at du nesten kan smake orda. Slik at du får lyst til å sette deg ned med ein blyant og streke forsiktig under dei gode setningane, livsvisdommen.
Om nokre timar har eg sommarferie.
Og det ligg an til å bli bra.
Eg har oppjustert ferielista mi litt:
Å bade i saltvatn - gjort ein gong, og fleire skal bli
Å lese bøker - det lesast. Eg har dopet mitt
Å vere saman med borna - heile tida
Kveldsstund på svaberget - har eg hatt, og om ei veke reiser vi til Kristiansand
Venemiddag der ein blir sittande lenge tilbords - denne står att, men det kan fort fiksast
Å ha sommargjestar - vi får Belgiske sommargjestar om ei veke, då får vi nok gjort noko med forrige punkt også. Om ikkje før.
Å ha tomme dagar heime - skal bli no
Sykkeltur - her skal det syklast
Å gå barbeint på
- svaberg (check)
- i graset (check)
Å ha internasjonale gjestar på besøk (om ei veke)
Å vere guide for nokon (om ei veke, og så igjen i Ålesund for Portugisiske vener)
Å vere på festival - Jupp, skal på Sommarfesten på Giske
Å bade i Ottafjøra - skal bli
Å sole seg
Å vere på sjøen
Å ete krabber
Å ete blåbær rett fra tua - har allereide gjort i Sandefjord
Å ete mengder med jordbær
Ha blomsterbukettar på bordet, som er plukka i hagen. Det skal eg ordne i dag!!
Elles:
Å få unna nok praktiske (ting ein ikkje rekk elles i huset-ting) til at det føles bra
Lage steinkant på blomsterbedet (er ein av av tinga over)
Gjeninnføre hageidyllen.
Plukke bær, og ete rips og vaniljesaus
Planlegge ein fest
Bade i Hurdalssjøen
Spele spel
Treffe alle primærfolka mine. Alle desse gode venene som eg synst eg ser for sjeldan, og familien min på Sunnmøre.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Lurer på korleis du rekk alt dette. Misunneleg:-)
Legg inn en kommentar