torsdag 28. juli 2011

Stolt

Somme gonger skulle eg ønske eg var ein mobiltelefon. Ein iphone. Då skulle eg installert ein nyheits-app som gjorde at eg fekk dei siste oppdateringane installert rett inn. Dei siste dagane har eg vore spikra til nyheitssendingar. Eg treng å vite alt. Det som har skjedd er så ufatteleg at eg har ikkje ord. Korleis kan nokon gjere slikt. Korleis kan nokon halde fram med å forsvare det. Eg er eit menneske som trur på det gode i mennesket. Her framstår drapsmannen som rein ondsdkap. Biletet av drapsmannen i politibil, smilande i raud genser er noko av der styggaste eg har sett i mitt liv. Eg kjenner at eg eg glad det ikkje er eg som skal sørge for at han får ei rettferdig rettssak. Men ei rettferdig rettssak skal han ha. Noko anna er ikkje på nokon måte greit. Han skal forsvarast. Vurderast og dømmast. Men du verda så stolt eg er av landet mitt. Av den politiske leiinga som har fått oss gjennom dette. Utan dei hadde vi ikkje vore der vi er i dag. Oppe i alt som har skjedd så er det slåande kor velfungerande samfunnet vårt er. Ting fungerer. Politiet, helsevesenet, det politiske Norge, samfunnet, media. Norge, rett og slett. Eg er stolt av dei. Av kongefamilien vår, av statsministeren, justisministeren, av alle andre nordmenn som ikkje går ned i mudderet.

1 kommentar:

Nina sa...

jeg er også stolt!! og heeelt enig med deg ! alle skal ha en rettferdig rettsak og en dyktig forsvarer, det er jo hele poenget med rettssystemet vårt. at mannen er sjuk finnes det i min sjel ingen tvil om. og har vi rett til å hate sjuke folk .. ?

men jeg trenger også å vite alt. må være oppdatert. har sett flere tv-timer den siste uken enn jeg har sett så langt tildligere i år.