mandag 1. august 2011

Verda etterpå

22.juli 2011 skjedde det noko. Først var det ikkje så lett å kjenne att. Det kjendes som om hjarta våre hoppa over eit slag. Som eit taktskifte, eit vass-skille. Men vi var ikkje heilt sikre. Vi såg bileta frå Regjeringskvartalet men trudde det liksom ikkje. Endringa hadde kome så fort at vi ikkje heilt greidde å tru det. At det kunne vere slik. Vi såg Jens og Knut på fjernsynet og tenkte at kanskje om vi la oss til å sove så ville vi vakne til ei verd der det viste seg at det ikkje var fullt så gale som vi hadde trudd. I staden så vakna vi til eit antall drepne ungdommar på Utøya som slo pusten ut av oss. Vi kunne ikkje late att augene og håpe på at det vart betre. Verda hadde endra seg. Norge hadde endra seg. Vi hadde endra oss. Eg hadde endra meg. Kva endring skjedde i meg? Vart eg verkeleg ein annan den dagen? Skjedde det ei endring med meg og alle nordmenn? Ja eg trur det gjorde det. Eg trur vi skjønte kor fantastisk dette landet vårt er. Og kor heldige vi er som bur her. Vi treng ikkje reise til Verdal for å tippe lotto. Vi har allereide vunne. Vi er norske. Med alt det inneber. I meg kjenner eg ei akutt endring. No ei veke seinare kjenner eg at eg er blitt mindre tolerant. Forstå meg rett. Eg er sjølvsagt ikkje blitt mindre tolerant i forhold til verdispørsmål. Der har eg som alle andre blitt rausare. Eg er slått i bakken av at noko så vondt som denne ulykka, og noko så vakkert som Norge etterpå kan sameksistere. Men eg er mindre tolerant i forhold til ei rekkje ting som eg tidligare berre syntes var mildt irriterande. Grinebiting for eksempel. Og anonyme kommentararar på nettavisene som er meint å vere syrlege og verke intelligente mens som berre framstår som sure og smålege. All form for sur smålegheit igrunn. Eg orkar det ikkje. Faktisk så kjenner eg at eg blir kvalm av det. Fysisk uvel. Så om du kjenner meg og på noko tidspunkt har tenkt å kome med kommentarar om "her heime på berget", eller "nisseluementalitet". Har du tenkt å snakke om kor naive vi er, og i hånlege ordelag legge ut om kor dumme norske politikarar er. Eller på annan måte håne og gape over dumskapen til oss nordmennn, og få det til å framstå som om alle andre ler av oss, og at alle val du ikkje er samd i skuldast at dei som har tatt dei er dumme. Ikkje sei det til meg. Det byr meg i mot. Eg orkar ikkje bruke av mine dyrebare minutt her på kloden til å høyre på slikt, og eg hadde satt pris på om folk lot vere. Eg trur heilt alvorleg at det øydelegg sjelene til folk å tenke, seie og høyre slikt. Det er mentalt søppel. Dei kan synge ein sang i staden. Eller legge seg på ryggen og sjå på skyene som siglar forbi. Ver gjerne ueinig med meg, men sei det med ord og med respekt. Hånleg ironisering vitnar ikkje om innsikt og intelligens. Det vitnar om at du ikkje vågar å vise innsida di. Og at du ser ned på andre menneske. Eg viser innsida mi no: Ikkje sei slikt til meg. Det byr meg imot.

1 kommentar:

Anonym sa...

Godt sagt, Elisabeth. Selv kjenner jeg et større ansvar for å si ifra når jeg leser sånne meningsløse kommentarer. Før tenkte jeg at de var så lavmål at det var best å heve seg over dem og ignorere dem. Nå føler jeg at det er uansvarlig å la dem stå uimotsagt. Nå føler jeg at vi alle har et ansvar for å drukne intolerante og paranoide innlegg med fornuftige tanker. Vise at vi tross alt er i flertall.