tirsdag 4. februar 2014

Ikkje sjuk... men nesten


Eg er vel ikkje den einaste som har lese denne i dag

La meg ta deg ti år tilbake i tid.
Rommet er eit lite toalett. Lys blå veggar. Kvitt toalett. På hylla over vasken, eit vaniljeduftlys frå IKEA. På kne framfor do sit ei kvinne. Meg. Det er ikkje første gong, og slett ikkje siste gong den dagen eg skal site på kne framfor toalettet. Eg har alltid ein hårstrikk rundt handleddet, klar til å sette opp håret på kort varsel. Vegen til toalettet er kort og kjend. Eg er kvalm heile tida. Slik kvalm som ein er om ein har omgangssjuka. Slik at du kaldsveittar. Ikkje greier å tenkje på noko anna. Berre konsentrerer deg om å puste sakte for å prøve å stoppe det du veit kjem. For det kjem. Fort. Eg spyr. Opp til ti gongar om dagen. Og når eg ikkje spyr er eg ulidelig kvalm. Slik er livet mitt i denne perioden.
Eg røyser meg frå middagsbordet fordi det omsorgsfullt tilberedte måltidet framfor meg plutseleg fungerer som brekkmiddel meir enn fristande næring.
Eg veit kva som går greit å kaste opp (sjokolade og andre søte ting f.eks), og kva som er eit mareritt (salte og sure ting). Eg orienterer meg i samfunnet ut frå kor nærmaste do er, og legg inn tid nok til å bruke det. 
Eg bekymra meg for om eg ville øydelegge emaljen på tennene mine. 

På denne tida starta dagen min med at eg prøvde å kome meg frå senga og til badet. Det er ein distanse på 5 – 6 meter. Det første kvalmetoktet gjorde at eg dagleg må legge meg ned litt på sofaen eg gjekk forbi på vegen, og puste meg gjennom det. Det tok tid, men om eg fekk bruke den tida om morgonen kunne resten av dagen blir "denne livsperiodens versjon av OK".  Eg trengde at resten av dagen var "ok". Eg hadde ein son på to år, som var aktiv og full av spilloppar. Det passa dårleg å tilbringe store delar av dagen hengande over ei doskål. Det passa dårleg å ha omgangssjuke i fem månader i strekk.

Når ein kallar det ”morgenkvalme” så høyrest det så ubetydeleg ut. For meg styrte det livet mitt frå april til september. Eg må framleis, 10 år seinare, halde pusten når eg går forbi duftlysa med vanilje på IKEA.

Burde eg ha vore på jobb? Burde eg ha bite tennene saman og møtt opp til morgonvakta i NRK Alltid Nyheiter klokka 0430 om morgonen 2 – 3 dagar i veka. Eg bur på Eidsvoll. Det vil seie at eg måtte stå opp klokka 0315. Morgonkvalmen blir ganske langvarig når dagen startar midt på natta.
Burde eg ha tenkt ”eg er ikkje sjuk” og så heller spydd i søplebøtta under den to timar lange direktesendinga eg hadde på formiddagen?
Eg VAR ikkje sjuk. Eg hadde svangerskapsrelaterte plager. Men hadde eg ikkje vore gravid og hatt same symptoma hadde eg nok vore i ei sjukehusseng med legar med bekymringsrynker i panna ståande rundt meg.

Eg er djupt og inderleg takksam for at legen min sjukmelde meg. Eg kom dit utslitt, bekymra og skjønte ikkje korleis dette skulle gå. Det vaks over hovudet på meg, og ho hjalp meg.
Når eg sat der med svart samvit, for eg følte at eg sikkert var pysete som ikkje tålte meir. Så sa ho ikkje at ”graviditet er ikkje ein sjukdom”. Legen min gjorde jobben sin og sjukemelde meg. Ho vurderte helsesituasjonen min, og tok ein avgjerelse. 

Då det omsider gav seg, i 6 – 7 mnd, byrja eg å jobbe 80 prosent.
Då hadde nemlig bekkenløysinga sett inn, som den gjorde også i første svangerskapet mitt.
Den tida då eg var ”fri” brukte eg til å gå til bassengtrening, til akupunktur og til fysioterapeut.

Bekkenløysing handlar om at bekkenet ditt blir litt ”slarkete”. Ligimenta som vanlegvis held beina i bekkenet fast saman skal ”løsne litt” for at du skal kunne føde eit barn. Med bekkenløysing skjer det litt for tidleg. I praksis betyr det smerter, problem med å gå, søvnproblem fordi du ikkje greier å snu deg i senga etc. Smertemessig er det som å ha ein prolaps. Det er ikkje ei ”vag kvinnesmerte”. Det er konkret smerte som du kan peike på. Somme bevegelsar kan du ikkje gjere. I verste fall kan det vere invalidiserande. Det finst dei som ender i rullestol også etter svangerskapet. Eg måtte bruke krykker litt av tida, og hadde problem med å gå. Og det gjekk over. Eg var heldig.

Det blir sagt at skandinaviske kvinner, og etterkomarar av skandinaviske kvinner i USA er meir utsatt en andre for å få bekkenløysning.

Legg merke til ordbruken min i siste setninga. Eg skreiv ikkje at dei er overrepresenterte. Eg skreiv at dei er meir utsatt enn andre.

Høyrer du forskjellen? Det er dette det handlar om. Ein overrepresentasjon er noko ein bør prøve å gjere noko med. Slik kan vi ikkje ha det. Det kostar samfunnet pengar. Det er for mange som har det sånn.
Å vere utsatt for noko seier noko om at det skjer med nokon, mot deira vilje. 
Svangerskapsrelaterte plager er noko gravide er utsette for.  

Det er på same måten med setninga "Graviditet er ikkje ein sjukdom". Det blir sagt gong på gong. Det blir faktisk sagt at det er ”viktig å hugse” at graviditet ikkje er ein sjukdom.

Det ligg altså implisitt at dette er det mange som gløymer.
At legar sjukemelder for graviditeten åleine, når den komande mora fint kunne ha løpt maraton. At komande mødre "legg seg føre" i det sei ser dei to blå strekane.

Det er ein tydeligvis ”overrepresentasjon” av gravide i sjukemeldingsstatistikken.

Eg trur det er på tide å snu argumentasjonen på hovudet.

Det er eit faktum at ein gravid kropp sysselsetter seg sjølv med heilt andre ting enn ein kropp som ikkje er gravid. Ein gravid kropp lagar eit menneske. I løpet av ni månader veks det fram eit lite menneske inne i livmora til den gravide. Og etter ni månader kjem det ut ein fiks ferdig menneskespire, med nyrer, regnbogehinne, tåneglar, hjerne, hypofyse, bukspyttkjertel, stemmeband og det heile. Eit lite mesterverk på 3 – 4 kg.

Kan det då vere lov å tenke tanken at det å vere gravid, sjølv om det ikkje er ein sjukdom, ikkje er ein normaltilstand heller. Ein er ikkje sjuk, men ein er i ein unntakstilstand, som må sjåast på som nettopp det?

Om ein tenker slik på det er det kanskje ikkje rart at mor kan føle seg litt ekstra trøtt? Det kan virke som om det krev litt energi å lage eit menneske.  

For all del altså. Om ein er av dei som er i toppform og kan springe maraton fram til vatnet går, så er det strålande. Men det er ikkje det som skal legge lista for kva ein skal forvente av ei gravid kvinne. Det er nok heller unntaket enn normalen. 

Eg meiner ikkje at ein nødvendigvis skal legge seg ned og kvile seg gjennom svangerskapet.
Men ein skal få lov til å lytte til kroppen sin. Og ein skal vurderast ut frå funksjonsevne.
Og når ein lege sjukmelder, så er det grunn for det. 

Så kanskje er det noko i vegen med hypotesen.

Kanskje er det slik at når 32 prosent av alle gravide blir sjukemelde for kvalme. Og om lag like mange blir sjukemelde for smerter i rygg/bekken. Så er det fordi dei har kome til sine legar som har vurdert funksjonsevna deira og har kome fram til at dei opplever konsekvensar av graviditeten som gjer at dei kjenner seg sjuke. Og ikkje greier å fungere i arbeid.

Kanskje skal ein bruke tala til å stikke fingeren i jorda og f.eks seie at ”32 prosent av gravide opplever så sterk kvalme i svangerskapet at dei må sjukemeldast for det.”  Og så tenke at "då er nok ikkje normalen å vere springe-maraton-frisk". 

Kanskje ein skal la vere å bruke tid på å meine så mykje om kvinner er ”flinke nok” gravide. Og heller fokusere på korleis ein kan tilrettelegge for at kvinner skal kunne jobbe lengre. Tiltak som å sleppe turnusarbeid, forskyving av dagen, heimekontor, endra arbeidsstilling, kan vere det som gjer at gravide ikkje treng å sjukemeldast. 

Og så kan ein prøve å hugse på at sjukemeldinga mest sannsynleg er midlertidig. Graviditet fører veldig sjeldan til langtidssjukemeldingar og uføretrygd. For graviditet "er nemlig ikkje ein sjukdom". Så dei potensielle negative konsekvensane av ei slik sjukmelding er langt mindre enn av andre sjukmeldingar. 

Og det bør vel både den gravide, arbeidsgjevar og  samfunnet generelt vere glade for.





1 kommentar:

Lappeteppet sa...

Som jeg skrev på en annens vegg som publiserte et spørsmål rundt samme sak:

Det er ingen sykdom å være gravid. Men hadde noen kødda med meg mens jeg var i den tilstanden og opplevde bieffekter av nevnte tilstand hadde de garantert havnet på sykehus og trengt seriøs behandling.

Ja til tilrettelegging. Ja til å være litt mer raus og forståelsesfull. Som du selv sier, dette er mest sannsynligvis ikke noe som drar ut i flere år og fører til uførhet. For de aller, aller fleste går dette over av seg selv.