torsdag 16. januar 2014
Why the blank face....
Men folk eg treff for første og andre
gong, og spesielt om eg treff dei i ”uvante situasjonar”.
Og så står eg der då og skjønar at eg har fått eit anna
menneske til å føle seg uviktig og uinteressant.
Det seier seg sjølv at jobbskifter,
som eg har vore oppe i den siste tida, ikkje er heilt enkle for slike som meg. Eg er framleis så
ny at eg har lov til å slite med å hugse folk, men om ei stund, når folk
begynner å forvente at eg skal kjenne dei att, blir det vanskelegare for meg. Då
blir det plutseleg massevis av potensielt vanskelege situasjonar rundt meg. For
kven er den dama som seier hei på t-bana. Eller han som stoppar for å slå av
ein prat på gata. Korleis i all verda skal eg finne han som eg har helst på to
gongar tidligare og som med rette trur eg veit korleis han ser ut.
Etter å ha lest om fenomenet har eg skjønt at eg ikkje er av dei som er verst ramma. Somme har det
så ille at dei berre kjenner att sine eigne born på
kleda dei har på seg. Der er heldigvis ikkje eg. Eg kjenner att folka som er i livet mitt. Folk eg har kjent lenge, og familien min i mange ledd.
Og det er ikkje slik at eg synest at folk er uinteressante. At eg rett og slett ikkje gidd å engasjere meg
nok i menneska eg møter. Er mest opptatt med meg sjølv. Eg er utruleg glad i å møte menneske, og det er få
ting som gir meg meir energi og glede enn samvær med andre.
Det er ikkje anna å gjere enn å prøve
å handtere det på ein konstruktiv måte, og eg er i ferd med å bli eir racer på
teknikkar for å hugse. Eg vil f.eks prøve å trigge den bevisste hugsinga mi. Så
når eg treff nye folk seier eg til meg sjølv: ”kort mørkt hår, liknar litt på
xxx, snakkar sørlandsdialekt, på min alder”. Og gjennom at eg "høyrer" meg sjølv seie det. den bevisste handlinga det er, er også sjansane større for at
eg hugsar vedkommande neste gong. Men eg treng konteksten. Treff eg vedkommande
på Rema er eg i store vanskar. Skiftar dei klede, eller klipper seg er det også
problematisk.
Facebook har også vore ei stor hjelp. Somme
gonger kan det verke som om eg må ha sett folk eit visst antall gonger, før eg
har nådd nivået der ansiktet deira faktisk festar seg i bevisstheita mi. Så takka
vere FB så hugsar eg langt betre kven folk er, fordi eg ser fjeset deira oftare
enn eg ville gjort elles.
Og på jobb har ein telefonliste med
bilete av dei ansatte. Eg er djupt og inderleg takknemlig for at nokon ein gong
kom på den ideen.
Gje meg litt tid så hugsar eg deg snart!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar