fredag 5. september 2014

Eg - ein treklemmar

Som liten kjende eg mange tre.
Eg kjende det store furutreet nede i sauegjerdet utanfor kjøkenvindauget vårt. Eg kjende tre i hagane til venane mine, på dei hemmelege leikeplassane våre og ved skulen og barnehagen.
Somme tre var gode klatretre, og vi kjende vegen opp så høgt det gjekk. Vi visste kva fot vi måtte starte med, og akkurat kvar vi måtte gripe for å kome oss vidare. Andre tre var gode å sitte i. Med rause greiner og ein stamme ein kunne lene seg inntil, medan ein filosoferte litt over livet.
Og somme tre kunne ein gynge i, eller leike at var hestar.

Eg kjenner ingen tre lengre.
Trea i hagen min er meir som bekjente å rekne, sjølv om eg har planta somme av dei sjølv. Men eg trur og håpar at ungane mine kjenner dei betre…

Her om dagen fekk eg ei underleg oppfordring.
Klem eit tre, sa ei venninne av meg. .
Ho hadde gjort det, og hevda at det var overraskande godt.
Ho sa at ho kjende seg jorda..

Så då gjorde eg det då.
Ein kveld eg var ute med hunden lista eg meg bort i Wergelandslunden.
Det er ein vakker plass her på jorda.
Der er det store flotte tre med ruvande kroner og god luft å puste inn.

.. Og så ligg Wergelandslunden liksom litt gøymd.
Det var ein del av planen det og.

Eg må innrømme at det kjendes litt underleg det oppdraget eg var ute på.
Men eg fann eit tre, og etter å ha kika meg diskret over skuldra klemde eg til.

Første treklemming vart nok øydelagt av at eg ikkje greide å legge vekk kjensla av å gjere noko rart. ”Frykten for hva folk må tro”… rett og slett  

Så eg lo avvepnande og beklemt for meg sjølv og prøvde ein gong til.
Då lente eg meg meir inntil enn eigentleg klemte… På avstand såg kanskje det meir tilforlateleg ut, tenkte eg. Og … jaudå.. det var betre.

Siste treklemming vart gjennomført med stil. Då hadde eg fått varma opp.
Eg klemde til rundt eit stort lønnetre. Eg la hovudet inntil den mosegrodde, og dermed ganske mjuke stammen, og lot att augene.

Og det var fint. Det var faktisk det.
Litt på same måten som å ta seg nokre minutt i ei open kyrkje. Vandre rundt i eit museum på eiga hand, eller å sjå på havet.

Det gav ro.


Kven skulle vel trudd det. 

1 kommentar:

Lappeteppet sa...

Jeg må ærlig innrømme at kirsebærtreet utenfor ikke innbyr til kos. Det er så spinkelt.

Men nå har vi jo allerede avtalt en grunnlogstreklemming på høsten her så jeg ser frem til litt mer noble kandidater på dine trakter.