torsdag 6. august 2009

Kvifor eg ikkje drikk

Tenk deg at du har ein ven Ein slik ven som alle ønsker seg, ein myteomspunnen ven som alltid er der ting skjer. Ein som er invitert på alle festar, og er den alle hugsar frå festen etterpå. Denne venen er ein som alle vil kjenne. Alle snakkar varmt om han, og han er velkomen, og sjølvskriven ved alle festbord. Men denne venen er ikkje berre ein ven for dei festlege stundene, han er også den venen som er der i dine tyngste stunder. Denne venen får folk til å prate når dei treng det, og sørger for at ting som ellers ville ha vore usagte blir lufta og tatt opp. Og om du treng å slappe av, så blir det liksom endå bedre om venen er der. Og HAN gjer ikkje forskjell på fattig eller rik. Vil du ha denne venen i livet ditt, så er han der for deg. Det er i alle fall det alle seier om han. Og alle snakker verkeleg om han. Han blir snakka varmt om alle stader der han ikkje er. Han skal sjølvsagt vere med, seier folk. Og eit nesten samla samfunn med menneske og media skryt av denne venen. Om kor god han er å ha. Om kor bra livet er på grunn av han. Men tenk deg så at denne venen har ei anna side og. Og dette er noko som dei fleste andre ser ut til å gløyme. Men du veit at denne venen har ei side som er både grotesk og brutal. For sannheita er at eigentleg er han ikkje ein så god venn for dei som likar han heller. Han sørgar for at dei ikkje fungerer så godt utan han. Ofte sørger han for at du må ha han der for at livet skal vere bra. Du får etterkvart ikkje til å slappe av utan han. Ofte er det slik at praten liksom stoppar opp når han ikkje er der. Han tar den plassen han får og vil alltid ha meir. Skal du ha han som ven må du sette veldig tydelige grenser. Men samtidig er noko av det han er flinkast til nettopp å overtale deg til å gi blaffen i dine eigne grenser. Han er uberegneleg og sviktar deg. Dei fleste som kjenner han har ein eller annan gong opplevd at når du trur at de skal ha det morosamt saman, så dummar han deg ut istaden. Og istaden for å vere den som løsnar praten får han menneske til å seie ting dei seinare angrar på at dei sa. Og gjerne litt for høgt slik at alle får det med seg. Etterpå trøster han deg gjerne om du vi det, men på ein slik måte at han sørger for at dei andre og ekte venane dine ikkje slepp til med sin ekte omsorg. Han skaper falsk intimitet, og falske vennskap. Men verst av alt: denne venen drep og skadar. Han øydelegg ekteskap, øydelegg familiar og øydelegg barndommen til mange, mange barn. Han fornedrar menneske på dei verste måtar.Tar frå dei alt som er viktig for dei, før han til slutt - når dei er så små som det er råd å bli. Tar livet deira og. Og når det er gjort så tar han ettermælet deira. For alle dei som har opplevd dei negative sidene hans, så er han ikkje lengre ein ønska ven. Han er ein dei ikkje er trygg på. Ein som dei ikkje lengre trivest saman med. Men samstundes ein som har snike seg inn i livet ditt og aldri heilt vil sleppe taket. Visst finst det mange mange som greier å halde han akkurat så langt frå livet at dei får oppleve dei gode sidene hans, men slepp unna dei fleste av dei dårlege, og som greier å sjå vekk frå alt det vonde denne venen fører med seg. "Ja eg veit det, men det er ikkje slik eg opplever han", seier dei gjerne. Kva ville vi gjort om denne venen hadde vore eit ekte menneske. Eg trur ikkje det hadde vore ein einaste av oss som ikkje hadde kjent eit nesten fysisk behov for å ikkje ha denne personen i livet vårt. Vi hadde kanskje satt oss ned med denne venen og sagt Du er på mange måtar triveleg, men eg kan ikkje ha deg som ven, fordi eg veit om alt det vonde du gjer. Og eg kan ikkje stole på nokon som har gjort så mykje vondt mot så mange og som berre fortsetter å gjere det. For meg er det ikkje råd å berre gløyme all den elendigheita som følgjer med deg kor du enn går. Så det beste for meg er nok at du ikkje er i livet mitt. Eg vil ikkje ta den risikoen det er å vere din venn. EG trivest faktisk best utan deg, sjølv om eg må akseptere at vi har mange, mange felles venar slik at du indirekte alltid vil vere i livet mitt.

6 kommentarer:

Anita Cathrine sa...

*smiler*

bra sagt :)

Minneapolise sa...

Veldig godt skrevet!

Askild sa...

Det var ein fin allegori, Elisabeth. Likevel er hovudpoenget ditt ikkje relevant for dei av oss som har eit moderat alkoholforbruk.

For eigen del drikk eg sikkert alkohol fire-fem kveldar i veka, men eg blir likevel aldri synleg rusa. Alkohol har likevel uvurderleg verdi for meg. Eg slappar av med eit glas i handa, og eg tenkjer også nokre andre tankar når eg drikk alkohol. Jamnt over, har alkoholen uvurderleg verdi i samanhengar kor eg vil slappa av eller kobla ut.

Ditt poeng, som er at alkoholen har svært negative verknader i samfunnet, ser eg som irrelevant for mitt forbruk av alkohol. Alkoholen er ingen ufjelg ven for meg, den er snarare det motsette!

Anonym sa...

Bra! Den rapper jeg..
Sara

grana sa...

Shit; hvordan orker du å lese avvikene fra KV3?

Elisabeth F sa...

Hehe:
Fordi jeg mener at sannheten er subjektiv. Så jeg forventer ikke på noen måte at andre skal være enige med meg i ett og alt.
Det at jeg ikke drikker er generelt sett noe jeg er lite opptatt av. (Jeg tenker omtrent så mye på alkohol som en ikke-røyker tenker på tobakk.)
Så bare gjør som alle andre jeg kjenner: overse det. Det pleier å funke bra.
Liker KV3 fordi du skriver usedvanlig bra. Har til gode å bli sjokkert eller støtt eller noe som helst. Har ikke tilgode å more meg. Så fortsett som du stevner.
Denne teksten er forøvrig i utgangspuniktet skrevet som en hilsen til en kongress innenfor rusfeltet.