onsdag 25. november 2009

Gratulerer til mor mi

I dag fyller verdas flottaste mor, Astrid E. Fjørtoft 70 år. Ho er ei fantastisk dame som er eit førebilete for meg på så ekstremt mange måtar. Ho er den som har lagt lista for korleis ting skal vere. Både når det gjeld praktiske ting som korleis ein skal ha det heime hos seg, og korleis kjøtkaker skal smake, og når det gjeld dei viktige tinga i verda som rettferd, empati og omsorg. Mor mi gjer aldri forskjell. Ho er rettferdig. Alltid. Og viktigast av alt er at ho har lært meg at ein må stå for det ein meiner er rett. Så får det heller berre storme eller vere upopulært. Og ein million andre ting. Eg føler ikkje alltid at eg greier å gå i skoa hennar. Men eg prøver. Greier eg å vere halvparten av den mora ho har vore for meg så skal eg vere glad. Eg lurer på kor mange gonger eg har tenkt for meg sjølv at eg er ekstremt heldig som har slike kvinnelege rollemodellar som ho og mange av dei andre damene i slekta og oppveksten min.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hipp hipp hurra for Astrid!!!

Snodig at du ikke tror du fyller hennes sko min venn, men med akkurat de ordene du beskriver henne tenker jeg om deg. SÆRLIG ordene som empati og omsorg for andre, ja for ikke å glemme rettferdighet.

Glad i deg <3

;)

Anita Cathrine Karoline sa...

Gratulerer med dagen, det var en fin hyllest, Elisabeth :)

Anonym sa...

Gratulerer til Astrid!

Frå Midtun og Haramsøy-gjengen