fredag 23. april 2010

Avskil

Då er dagen over. Ein av desse monumentale dagane i eit liv. I mitt liv og i far min sitt liv. Slutten. Avskil. Gravferda - ferda til grava. Ein tung dag, men ein dag som kjennest rett.

Eg har vore heldig som har hatt ein slik far. I kyrkja sa vi om han at han har vore ei uuttømmeleg kjelde til eventyr. Gjennom historiene han har fortalt har han åpna opp verda for oss. Både ut i verda og bakover i tida. No er det vår oppgåve å føre den arven vidare. Å hugse han slik han hugsa slektene før oss. Å sørge for at minna om han vil vere levande. Det vart sagt mykje fint om han i kyrkja. Og alt kjendest sant. Det skildra han som det mennesket han var. Ein kunnskapsrik mann, ein med enorm fagkunnskap om tidene som har vore. Men samstundes ein skikkeleg "burik". Ein som ikkje var redd for noko, og som hadde humor som eit av sine sterkaste karaktertrekk. Han greidde kunststykket å vere både ei kjelde til kunnskap samstundes som han var ein formidabel formidlar. Slik var han. Og det var godt at han vart skildra "rett". Og det kjendes rett at vi bar han til grava. At den siste reisa, til han som har reist så mykje, var det vi som bar han. Det er vondt, men det er mykje å vere takksam for. At han fekk gå slik. Som mange i slekta før han, "med skona på" som dei seier her. At han fekk vere i livet sitt til siste andedraget. Halde på med sitt. Det er godt å kjenne på at han var nøgd med livet sitt. Både det som hadde vore og det som var. Han hadde det godt. Og det er godt å kjenne at vi ikkje hadde noko usnakka. Noko som ikkje var sagt. Han visste og vi visste at vi var glade i kvarandre. No var det tida, rett og slett. For oss som er att handlar det no om saknet. Om å venje oss at han ikkje er her. At det er ein plass mindre å dekke rundt bordet. Det tar tid.

For dei av dåkke som ikkje kjenner far min, så kan de sjå han her

4 kommentarer:

Anja Holt sa...

Noen ting kan ikke gjøres om, det blir liv før og etter, men den allerede utrolig sympatiske "vennsen" min fra Fjørtofta kommer til å få enda mer fin innstilte antenner fremover. Nesten som en som får ett handikap og kompenserer med en annen kroppsdel... smil gjennom tårer og se på minnene med glede!

Cathrin sa...

JEg blir aldri å glemme faren din vennen. Jeg husker godt mitt første møte med han, i bryllupet ditt. Han var faktisk den jeg prata mest med av alle,du vet- på trappa. Jeg kjente jo ingen - og det var litt skummelt. Men han var nå der på trappa, funderte på livet og fortalte ei og anna historie. Fantastisk romslig mann, selv om han i starten prata litt vanskelig ;)
Glad i deg <3

Randi sa...

Kjære kjære deg Elisabeth!!
Sukk Sukk.....eg har ikkje ord...
Men det har du,DU er berre så super flink med å finne dei rette orda på rett plass !!! Å ALT du skriv om din pappa Palmar stemme så godt !!
Eg støttar meg til dine ord!!
Det vert "rart" å ikkje møte Palmar meir verken på H-laget,ferja,samf,huset.....Livet og døden er rare greier !!
Det var ein fin dag Elisabeth,alle Palmar`s fam.,vener frå Fjørtofta og det vide fastland var samla idag,å det var ikkje få!!
Å ut i frå ei so stapp full kykje og samf.hus så såg ein ei knippe av kor mange som kjente Palmar !
Oss var så heldig at oss fekk vere nabo`n med dokker frå 1983-86,Artige og fine år :) Eg huskar Leidulf på Bakkely kom og henta med seg Anette ( som da var 2 1/2 år ca) bort til Palmar i hønsehuset.Anette var så fasinert av alle dei 2000 hønsa at ho stamma når ho kom heim ( men dei bråka mykje dei hønene sa ho...hihi).Og alltid kom ho heim med nokre små bresta egg i ein liten eggekartong:)) Å du veit,når dei to karane tok laust med sine historier,ja da vart mykje rart sagt:)) Anette kom heim og fortalde at ting er sånn og sånn....neeeei sa eg,"JAUDA,DET SA PAMMLAR Å LEIDUFT"..sa ho..hihi Så uansett kva eg sa hjalp det ikkje.Det dei hadde sagt var sant og rett......hahaha ( Ja du stussa at eg har skrevet PAMMLAR OG LEIDUFT sikkert...men det var Anette sitt språk...)
Ja.Ja....Mange minner Elisabeth!!
Takk for ein fin dag som var igår!! Du/dokker er så flink,alle!!!
Oss snakkast!! God klem!

Anita Cathrine sa...

Jeg har igrunn sagt deg det meste jeg kan si, føler jeg. En nydelig film ...

Jeg tenker på deg og har deg med meg i mitt hjerte. Klem