søndag 25. april 2010

Puste inn og stupe ut

I dag har eg åpna gebursdaggåve frå foreldra mine. Kjærleg pakka inn og send i posten for at eg skulle åpne den fredag for ei veke sidan. Men det rakk eg ikkje før alt endra seg. De som les denne bloggen får tilgje meg at eg skriv sørgmodige ting om dagen. Eg er slik skrudd saman at eg treng å skrive. Det gjer godt for meg å få sette ord saman til setningar.
I dag kom eg heim til Eidsvoll. Det var vondt å reise frå Fjørtofta. Vondt å reise frå mor. Sjølv om eg veit at ho er ei sterk dame, som berre er ein telefonsamtale unna. Og vondt å sjå ned på grava i det vi køyrde forbi kyrkja. Det er tungt når menneske ein er glad i døyr. Men sorg er i like mangfaldig kjensle som kjærleik. I sorga etter far min ligg det ei slags takknemligheit over at han fekk døy slik. At han slapp eit langt sjukeleie eller å miste seg sjølv. I sorga etter far min ligg det og ei takksemd for alt han var, og for at han fekk leve livet sitt i åtti år, og oppleve meir enn dei fleste.
Og det har vore så godt å vere på Fjørtofta denne veka. Så godt å kjenne at folk bryr seg. At folk kjem bort og kondolerer, tilbyr hjelp eller ei kake. Gir deg ein klem, og seier nokre fine ord. Det er ikkje slik alle stader. Når ein oppplever å miste nokon er det godt å ha folk rundt seg som veit og som forstår. Eg har kjent mykje på kor heldig eg er som høyrer til på ein slik stad. Sorg tar eit år, blir det sagt. Ein må oppleve heile året utan den som er vekke. Det stemmer nok.
Eg skal skrive om andre ting her etterkvart. Sikkert snart. No må livet starte igjen. Alt er ein prosess. Ingenting varer. Alt endrar seg heile tida.

2 kommentarer:

Nina sa...

*klemmer på*

det gjør på et merkelig vis godt å lese om sorgen din. Fordi du er så flink til å sette ord på den. Du lar meg ta del på en ærlig og åpen måte, uten bruk av dramatiske overdrivelser eller teatralske sitater.

det er fint å ha deg hjemme igjen. godt å vite at du nå er på denne siden av begravelsen, at det vonde praktiske er overstått.

jobben med å gå videre har nettopp begynt, og den vil ta lang tid. jeg er her. hver dag. bruk meg om du vil.

din venn Anita

Anja Holt sa...

Det er ikke uten grunn til at de kaller det sørgeår... men det er ikke dermed sagt at du hylgriner hele tiden!

Vemodig og rart er det, rart å ikke bare kunne ringe og plassen som er tom. Men man kommer seg videre, jeg lover!

*stor klem*