lørdag 28. august 2010

dagen i dag (advarsel sterke scener)

Vidunderbarna lot mor sove til klokka var nesten ti. Så var det god frokost, og oppdagelser av uvanleg ekle ting på trappa. Når eg les om seriemordarar som har mengder av lik gravd ned i hagen, så tenker eg på kattane mine. Det går ikkje ei veke utan at eg må forholde meg til halvråta fuglelik henta fram igjen for ei ny runde med eting, eller berre litt leik. Eller mus funne i delar. Gjerne kasta opp på dørmatta som i dag. Eg var faktisk i ferd med å kaste opp sjølv medan eg rydda opp. Og dette blir altså utført av to tilsynelatande mjuke og kosete peldottar som heiter Nøste og Bella. Snakk om misvisande namn. Thomas Quick og Belle Gunnes hadde passa bedre.

2 kommentarer:

Nina sa...

Du må ha veldig dårlig oppdratte kattepuser. Snick gjør aldri sånt han .. *kniser* ..:)

Cathrin sa...

Blæh, skulle bare ønske du ikke hadde fullt så levende spåk i blandt :/

UGH!