torsdag 26. august 2010

Norsk folkemuseum - kulturavdelinga

Alt er subjektivt heter det. Og det er sant. Men vi gløymer så ofte at når vi ser verda, så skjer det ikkje objektivt. Det skjer gjennom eit slør av vår eigen identitet. Av våre opplevingar, vår historie, samfunnet vi lev i, våre traumer etc. Generelt sett alt det som gjer at vi er den vi er. Derfor er det slik at dei fleste utsegner seier mest om den som seier dei.
I dag kunne eg lese om framandfrykt i ein kronikk i Aftenposten. Framandfrykt er sjølvsagt då ordet som kjennes naturlig for meg, slik eg les artikkelen gjennom mitt slør. Eg er temmeleg sikker på at det ikkje er det dei to FRP-arane meinte i si ytring med uro for framtida for landet. At det erkenorske skal forsvinne.
Spørsmålet dei ønskjer å stille til det dei kallar "etterkrigstidens samfunnsarkitekt" Arbeiderpartiet er: "Hva var galt med den norske kulturen siden dere er fast bestemt på å erstatte den med noe dere kaller flerkultur?"
Eg er ikkje AP, men dette er min blogg og spør som eg lyster. Så eg kunne tenkje meg å spørre tilbake.
Kva norsk kultur er det du snakkar om då?
Slik eg ser det så har det vel knapt vore noko heilnorsk samfunn nokon gong. Så det er kanskje del av det som er det norske? Om det er noko som har prega Norge som nasjon støtt så er det den lange kysten vår. Vi har vore reisande. Vikingar, sjømenn, fiskeeksportørar. Når nordmenn etter mi oppfatning er meir enn gjennomsnittet opptatt av utanrikspolitikk og kva som skjer i andre land, så er det fordi vi faktisk ER det. Vi er klar over kor få vi er og at det er ei stor verd der ute, og slik har det alltid vore, sjølv om vi ikkje alltid har hatt så stor respekt for andre kulturar. Hverken som voldsmenn på vikingtokt eller som sydenturistar på grisefest. Og innvandringa til Norge har vore der støtt. Frå landa vi grensar til og lands som ligg over havet. Russarar, danskar, svenskar, færøyingar, islendingar og finnar. Norsk-amerikanarar, portugisiske skibbrudne, pakistanske gjestearbeidarar, tyske turnuslegar, danske kongar, svenske og britiske prinsesser, polske jordbærplukkarar, filippinske hushjelper og brasilianske koner.
Dette vil ikkje Helan og Halvan frå Frp benken godta som gjengse argument. "Det er forskjell på en gradvis og naturlig kulturell utvikling, og en rask politisk styrt kulturell revolusjon." seier dei.
Dei går glipp av to viktige poeng:
1) Internasjonalt fokus er ein del av det rotnorske. Det er like mykje del av oss som brunost og snus.
2) Internasjonaliseringa som dei meiner trugar norsk kultur kjem ikkje frå innvandrarane. Den kjem frå verda rundt oss. Og: det er det som ER den naturlige kulturelle utviklinga" akkurat no.
Dei siste tiåra har verda blitt mindre. Vi har hatt ein teknologisk revolusjon, kombinert med ein språkleg revolusjon (alle kan engelsk) og ein infrastrukturell revolusjon. (Det er enkelt å reise, nesten kor som helst) Dette er igjen kombinert med høg levestadard (vi er litt rike) som gjer at verda har blitt mindre.
Eg har aldri vore i USA, men om ein skulle hente ut all informasjonen om USA som finst i hovudet mitt ville det nok fyllt ei tjukk bok. Verda er ikkje lengre stor og ukjent. Den er lita og kjend. Og den kjem heim til oss, på PC-skjermane og TV-skjermane. Dei moderne vikingstokta våre startar skrivast med www i starten. Eller kjem til oss i widescreen frå flatskjermen på stoveveggen.
Med alt dette i mente - Korleis i all verda skulle ein greid å bevare det som Tybring Gjedde og Andersen kallar den norske kulturen? Vi lev ikkje lengre i ei verd der landegrensene avgrensar. Den norske kulturen er ikkje lengre rotnorsk. Den er ein norsk versjon av verda i 2010. I Danmark finst det ein dansk versjon, og slik er det i dei aller fleste land verda rundt. Mykje er ulikt, men veldig mykje er likt og. Verda har blitt mindre og det ser ein att i språk, kultur og veremåte. Vi er borna til den teknologiske revolusjonen, borneborna til den industrielle revolusjonen. Verda er her og no, som dei seier i reklamen. Så då er spørsmålet eg slit med å finne svaret på: Kva slags norsk kultur er det dei snakkar om. "Kultur" er ferskvare. Eg er ikkje som foreldra mine og borna mine er ikkje som meg. Og grunnen er at samfunnet ikkje er det same som det var. Om ein skal bevare noko så må ein først bli samde om kva det er ein vil behalde. Er det matpakketradisjonen, hardingfele, fiskerinæringa og kj lyden? Er det A-ha eller Ole Ivars? Flatfylla på bygdedans eller puritanismen på bedehuset? Dugnadsånd eller oljeglatt egosentrisitet? Og kva med nysgjerrigheita på andre land og utferdstrangen som har prega det norske samfunnet i uminnelige tider? Er ikkje det også ein del av det erkenorske. Korleis kombinerer ein det med ønsket om å stenge av det multikulturelle?
Når samfunnet er så internasjonalt, og verda er så lita som den er no. Er det ikkje då naivt å tru at den norske kulturen ikkje vil spegle akkurat det? Og er ikkje det eigentleg heilt rett?
Kanskje er det slik at den norske kulturen bør få utvikle seg i fred. Verda blir ikkje slik den var i går. Men det som verkeleg betyr noko for oss, det greier vi å ta vare på, fordi det er viktig. (Kall det gjerne eit kulturelt marknadsprinsipp. (Så vidt eg veit plar høgresida like tanken på at ting ikkje skal vere så regelstyrt, men få lov til å utvikle seg som det lystar.)
Då får vi med oss det vidare som er konkurransedyktig (Dette bør og vere eit ord som FrP-arar kan forstå) Det andre bukka under for dei kulturelle marknadskreftene. Det kan vi sjå på museum eller høyre gamle folk snakke om når dei som generasjonane før dei klagar over at alt var betre før.
Eg kunne sagt mykje meir. Om å sette seg inn i kvar desse menneska ein er så redd for kjem frå, og kvifor. Om å sjå at ein faktisk har plikt til å hjelpe menneske som har det vondt. Eg kunne referert til tabell 173 i Statistisk årbok, som slår fast at nesten 40 prosent av alle norske kvinner tar høgare utdanning. Og påpeika at denne utdanningsmessige revolusjonen gjer at vi er iferd med å bli ein nasjon av akademikarar. Og arbeidskraft er faktisk nødvendig om vi skal halde hjula igang.
Og eg kunne sagt noko om at ein kanskje i minst mogeleg grad skal vere så himla redd heile tida. Folk er folk. Og sjølv om det sikkert finst fordomsfulle sneversynte sjeler blant innvandrarane og, så er sjansen stor for at dei fleste er heilt OK. I allefall like OK som meg og deg og Tybring Gjedde og Andersen.
For det å vere eit bra menneske er ikkje noko som kun finnest i den norske kulturen.

1 kommentar:

Tore Skogseth sa...

Tybring Gjedde og Andersen definerer norsk kultur slik:

"Norsk kultur er summen av det vi feirer på 17. mai: Felles land, historie, tradisjoner, språk, høytider, religionsbakgrunn, verdigrunnlag, kulturarv, lovverk, valuta, skikk og bruk, flagg, oppvekst, forsvar, nasjonalsang, kongehus, landslag og tusen andre små og store ting som utgjør et kulturfellesskap. Det er norsk kultur for alle dere som er tilgjort uvitende. Det er norsk kultur i all sin variasjon - slik alle sterke, stolte kulturer har variasjoner. Ferdig diskutert. Og det leder oss tilbake til utgangspunktet."

Det er mye som er interessant med deres beskrivelse av norsk kultur - men jeg vil gripe fatt i en av dem, nemlig felles religionsbakgrunn. Dette er noe som til stadighet dukker opp i diskusjoner om hva som er norsk - og det ser ut til å være viktigere enn f. eks. ytringsfrihet, meningsfrihet, og trosfrihet. Da er det heller ikke spesielt rart at de etter denne oppramsingen sier at det er ferdig diskutert (at de hevder at noe er diskutert i en ensidig kronikk får heller bare være).

Du sier du aldri har vært i USA (du er selvsagt velkommen på besøk), men jeg kan bekrefte essensen i det du skriver, da jeg ikke har opplevd en spesielt voldsom overgang ved å flytte hit. Ja, ting er forskjellige, men kjernen i tilværelsen er bemerkelsesverdig lik her i midtvesten som den var både da jeg bodde i Trondheim og Bergen. Jeg antar at Tybring Gjedde og Andresen virkelig snakker om det såkalt "fremmedkulturelle," som egentlig bare betyr de kulturene de ikke liker. Jeg har tross alt til gode å møte en eneste FrP'er som ikke bruker USA som forbilde for hvordan samfunnet skal være...