mandag 23. august 2010

Det er visst fullt i sleden til a' Marte Svennerud

Då eg var liten køyrde Inge bussen. Inge var far til Bjarne. Og somme gonger, om eg var tidleg ute, så fekk eg site på ei runde ekstra før barnehagen starta. Inge var snill. Han tulla og lo med oss ungane. Han fekk det å skulle ta buss til å vere noko som var stas og som ikkje var det minste skummelt. Vi kjende oss trygge og sikre frå vi gjekk ut av døra til vi kom heim igjen.
I dag er ikkje livet så enkelt. For fire år sidan fekk Edvin førsteklassing skuleskyss frå huset vårt til skulen, fordi vi bur to km frå skulen. Men sidan då har visst noko skjedd. For då Alvilde no skulle starte på skulen så var det plutseleg ikkje to km mellom skulen og huset vårt lengre. Då hadde Konsentra, som er busselskapet som vann anbudsrunden om skuleskyssen, målt opp avstanden på nytt, kome fram til at det er 1,9 km og at vi ikkje har rett på skuleskyss. I ettertid har eg målt opp sjølv, og har funne ut at frå parkeringsplass til parkeringsplass er 2.070 m. Og då tok eg ikkje i. Men konsentra har altså målt opp, truleg ved bruk av ein eller annan kartteneste, og har konkludert med at dei slepp å køyre femåringen vår til skulen. Så bæ på oss.
I praksis vil det seie at då veslejenta vår skulle ha sin første skuledag så stod ho og venta på ei drosje som aldri kom. Og at vi hadde brukt tid på å snakke henne gjennom at ho skulle ha drosje, og korleis det kom til å vere, men at ting brått vart heilt annleis. Vi var nemleg så dumme at vi antok at sidan broren hadde skuleskyss og at huset vårt og skulen faktisk stod på akkurat same staden, så ville Alvilde bli skyssa på same måten. At Konsentra skulle måle opp på nytt med det som mål at dei skulle sleppe å frakte små femåringar, slo meg ikkje i det heile tatt. Og eg er igrunn glad for at slik tankegong ikkje er noko eg kjenner meg att i.
For slikt provoserer meg. Det er ikkje det at vi må køyre henne. Det gjer vi med glede. Det er den manglande fornuften i det heile.
For det første:
Jenta er 5 år. Ho fyller ikkje seks år før i desember. Ingen kan vel meine at ho skal gå to km, og krysse fleire kryss kvar morgon. Eg som mor kan slå fast at det er ho ikkje moden nok til, og at det vil vere fullstendig hasardiøst. Visst er det gangsti. Men det er ikkje meir enn ein meterbrei grøftekant med fine blomar mellom den gangstien og hovudvegen. Og som femåringar flest kan dottera mi få innfall av og til. Ho har heller ikkje noko spesielt godt tidsbegrep og kan gløyme seg vekk lange stunder. Så om ho faktisk kom fram, så ville det ikkje kunne garanterast at det var til første time.
For det andre: Drosja som Alvilde skulle ha site på med køyrer rett forbi og det er tomme plassar. Å ta på Alvilde ville ha tatt maks to minutt.
For det tredje:
Om det no mot formodning skulle vere slik at oppmålinga ein vel å bruke viser at det er 1,995 meter frå huset vårt til skulen, så er det uansett for langt for ei jente på fem år å gå. Kva store og negative konsekvensar ville det få om ein lot jenta få site på i den drosja som køyrer halvfull forbi? Ville ein då sett presendens for at alle ungar i Eidsvoll som går i første klasse og bur 1,995 meter frå skulen ville ha rett på skuleskyss? Er det i tilfelle snakk om ein einaste unge til som bur så akkurat på grensa at det er vanskelig å seie om det ER to km eller ikkje. Altså: eg ser at ein i mange tilfelle må sette ei grense ein plass. Er det seksti studieplassar, så er det det. Men er DETTE ei grense ein treng å vere millimeternøyaktig på? Og kor startar ein då milimetermålinga hen? I lova det er snakk om står det at det skal gjelde frå dør til dør. Målet med det er truleg at ungar ikkje skal bli skadelidande. Utgangsdøra vår er enkel å finne. Men kor er målepunktet på Ås skule? Er det på parkeringsplassen på Coop der drosjene stoppar? Er det ved innkøyringa til parkeringsplassen til skulen? Er det ved døra inn til fløyen der dottera mi har klasserom? Eller er det ved det hushjørnet av skulebygget som ligg nærast huset vårt? I dei tre første tilfella vil det vere over 2 km, medan det nok vil vere under om det er det siste ein legg til grunn.
Kva om ein tillot seg å bruke skjønn i slike saker. Og såg på følgande punkt:
- At jenta faktisk er nesten eit år yngre enn enkelte av klassekameratane sine.
- At avstanden mellom skulen og huset åpenbart er diskutabel. Ikkje minst fordi broren fekk skuleskyss frå akkurat same huset. - At det er ledig plass i drosja som køyrer rett forbi
Bør ikkje tvilen kome ungen til gode? Eg er såpass raus av meg at eg synest ein til og med kan ta med ungar i nabohus sjølv om grensa går mellom husa. Om det er ledige plassar og ikkje vil medføre ein ekstra stopp så skjønar eg ikkje kva som er problemet. Er det fullt, blir det noko anna. For det er eit fornuftig argument.
Eg trur nok at både eg og Inge er samde om at dette er for rigid. Men så var det aldri slik at Inge vann anbudsrunden om å frakte fem- og seksåringar til skulen. Femåringar vart ikkje lagt ut på anbud då eg var liten. Og det var heller ikkje slik at om nokon fekk site på, fordi det var meiningslaust at dei ikkje skulle få sete på, så fekk det prinsipielle konsekvensar kanskje for heile fylket (Eller kor det no er Konsentra har ansvar for skuleskyssen) Der eg vaks opp var ein unge ein unge, og ein vaksen ein vaksen og alle var einige om at ein skulle vere greie med ungar og bruke fornuft.
Men sånn er det visst ikkje lengre.

4 kommentarer:

trineb sa...

Anbefaler at du sender dette innlegget til busselskapet, lokalavisa, og dei andre som kunne trenge å lese dette... Håper at den ny-bakte skulejenta trivst på skulen, sjølv om ho kanskje bur 5 meter "for nært"....

Tonje F sa...

støttar forrige talar. Eller, dokke kan jo berre søke kommuna om å få flytte huset fem meter lenger bort... arggggh

Lisbeth sa...

Helt enig i at dette er tullete og uten mening, og sier meg enig med begge damene her.

Elisabeth F sa...

Kanskje vi skulle spikre att utgangsdøra og berre brukt verandadøra på hi sida av huset. Det ville sikkert ha fiksa biffen.
Skulen er på saka. Dei er samde med oss, og har sendt ny søknad til Konsentra. Så då er det vel berre å vente og sjå