torsdag 19. august 2010

Forfulgt av ord

Eg reknar med at det er fleire enn meg som opplever at dei tilsynelatande blir forfulgt av ord somme gonger.
Ein høyrer eit uttrykk brukt ein stad, festar seg ved det og tenkjer at det der har eg aldri høyrt før. Og så i løpet av kort tid så dukkar dei same orda opp rundt deg gong på gong. Tilfeldig nevnt og heilt forunderleg.
Det er sikkert ein haug av forklaringar. Psykologiske og om persepsjon og det eine med det andre. Men det bryr eg meg ikkje om. Forklar så mykje du vil for meg. Eg let at øyrene og nyt kjensla av noko forunderleg. Uforklarleg. For eg likar kjensla av magi som ligg i å føle at noko liksom leitar deg opp. Eg likar å ta det som teikn. Ikkje så veldig alvorlig, men som litt artigheit her i livet.
Dessuten passar det jo perfekt inn i ideen min om at livet burde ha plott
I dette tilfellet var eg innom Designtorget på Byporten, Og festa meg ved nokre spisebrikker som var artige. Og kva står på den eine, jo: Du veit ikkje kor vakker du er.
Og kor har eg sett dette uttrykket før i sommar.. jo her
Artig? ja veldig!!

1 kommentar:

Tonje F sa...

magisk! :-) sånt likar eg