tirsdag 3. august 2010

Navlebeskuarbloggen

Er litt treig med blogginga for tida. Er rett og slett ganske lei av meg sjøl. Synes igrunn at eg er ganske kjedelig, for å seie det rett ut. Og ettersom de sikkert er for høflege til å seie det er det vel best eg seier det sjøl: Det må da vere måte på til navlebeskuing og sjølvsentrert pjatt frå mi side.
Skal skjerpe meg litt her. Så eg lovar at eg frå no av skal prøve å skrive ting som er interessante for fleire enn meg sjølv. Og ha gangsyn nok til å sjå kva det er.
Men eg kan ikkje love at eg aldri skal skrive personlege ting. I dag kan eg for eksempel fortelle at eg smelte kneet i asfalten då eg kom til hotellet eg bur på seint i går kveld (Er i Fredrikstad med jobben) og det var så salig sabla vondt at eg trudde eg skulle svime av. Så i natt har eg sove dårlig, og det igjen har medført at eg ikkje akkurat har vore ei lysfontene eller noko anna sprudlande, triveleg noko i dag. Og det endå eg er på ein internasjonal kongress, med ein haug spennande menneske. Må skjerpe meg. Ha utoverblikk. Eg trur kanskje eg skal ta opp ein vane som ei svært god venninne av meg, og mannen hennar har. Dei avsluttar kvar dag med å lage ei lita liste over tre fine ting frå den dagen. Eg likar tanken på at ein tvinar seg sjølv til å tenke positivt. Det er så lett for oss alle å krype ned i grøftene av og til. Men stort sett så har vi alltid fine ting i liva fåre. Og det er viktig å sjå dei medan dei er der.
Mine tre ting i dag:
1) At sonen min ringte meg for at søstra skulle få fortelle at ho hadde lært seg å svømme under vatn. Eg har så fine ungar!! 2) At eg etter innfallsmetoden stakk innom førnevnte venninne i går, på veg hit til Fredrikstad. Rakk jordbær og kaffe på verandaen og nokre minutt med kvalitetstid. 3) Å treffe igjen folk som ein bryr seg om, men ikkje ser så ofte ein vil. I går var eg på 20-årsjubileum for ein internasjonal ungdomsorganisasjon der eg sat i styret for nokre år sidan. Artig!
Men no må eg gå: eg skal ta på meg nykjøpt kjole og kome meg på bankett. Mål for kvelden er å re-entre The world ranking list of Domino.

3 kommentarer:

Cathrin sa...

KOs deg på bankett og jeg vil se bilde av nyinnkjøpt kjole!!! :)

Anja Holt sa...

Jeg vil også se bankett-versjonen av deg (selvom jeg tror jeg har sett deg på ditt flotteste med fjærboa som har vært i skrittet på Terje Schrøder).

Dessuten synes jeg ikke du er navlebeskuende, jeg synes du er ærlig og jeg vet hvorfor jeg liker deg. Du er deg, med alle fargene!

Siri Fjørtoft, kaBoks sa...

Ej mæ va på Domino-listå en gong... Huska ikkje reglan lengre, men minnes at de va en smule meir komplisert enn tre mot tre....

Å ka va de kortspele so gjekk som en farsott gjennom vår lille verden en gong i gamle daga? Huska du de?

Siri