Det er dei vanlege fredagsoppgåvene
- rydde og vaske stue
- rydde og vaske kjøkken
- rydde og vaske gang og do
- rydde loftstue
- rydde alvildes rom
- rydde på verandaen
- ha foreldresamtale på skulen
- hente born
- handle mat
- brette klær og henge opp klær
Og så skulle eg gjerne ha ordna litt i hagen
Eigentleg ein overkommeleg jobb. Ingen stader (anna enn Alvilde sitt rom) ser forferdelig rotete ut. Burde vere gjort på eit par timar. Men....kva har eg gjort så langt:
- rydda ut og inn i oppvaskmaskina
- sjekka mail og FB og nettaviser
- spist ein yoghurt
Og no vurderer eg å lage meg ein kaffe.
Nei og nei... Her er det berre å skride til verket. Hente opp Spotify og finne noko musikk som passar til husvask. Har stort hell med De Lillos (Mere - livealbumet frå 1993-94) eller Bette Midler. Men i dag trur eg det blir puddelrock. Eg treng nok rett og slett introen til "Over the hills and far away" for å komme i gong. Og etterpå blir det Kiss, og ACDC. Og kanskje litt gammal Whitesnake.
Eller kanskje opera?
hmmm
til arbeid
2 kommentarer:
Haha.
Har allereide fått gjort masse. Er dødseffektiv.:-D
No har eg igjen
rydde loftstue
rydde alvildes rom
ha foreldresamtale på skulen
hente born
handle mat
Ordne litt i hagen
Også litt sånn småtteri. Bere opp samanbretta klede, vatne blomstrar og legge dukar på borda og sånn.
no er eg nysgjerrig, kva musikk blei det?
Legg inn en kommentar