fredag 3. september 2010

Planer for dagen

Det er dei vanlege fredagsoppgåvene

  • rydde og vaske stue
  • rydde og vaske kjøkken
  • rydde og vaske gang og do
  • rydde loftstue
  • rydde alvildes rom
  • rydde på verandaen
  • ha foreldresamtale på skulen
  • hente born
  • handle mat
  • brette klær og henge opp klær

Og så skulle eg gjerne ha ordna litt i hagen

Eigentleg ein overkommeleg jobb. Ingen stader (anna enn Alvilde sitt rom) ser forferdelig rotete ut. Burde vere gjort på eit par timar. Men....kva har eg gjort så langt:

  • rydda ut og inn i oppvaskmaskina
  • sjekka mail og FB og nettaviser
  • spist ein yoghurt

Og no vurderer eg å lage meg ein kaffe.

Nei og nei... Her er det berre å skride til verket. Hente opp Spotify og finne noko musikk som passar til husvask. Har stort hell med De Lillos (Mere - livealbumet frå 1993-94) eller Bette Midler. Men i dag trur eg det blir puddelrock. Eg treng nok rett og slett introen til "Over the hills and far away" for å komme i gong. Og etterpå blir det Kiss, og ACDC. Og kanskje litt gammal Whitesnake.

Eller kanskje opera?

hmmm

til arbeid

2 kommentarer:

Elisabeth F sa...

Haha.
Har allereide fått gjort masse. Er dødseffektiv.:-D

No har eg igjen

rydde loftstue
rydde alvildes rom

ha foreldresamtale på skulen
hente born
handle mat
Ordne litt i hagen

Også litt sånn småtteri. Bere opp samanbretta klede, vatne blomstrar og legge dukar på borda og sånn.

Tonje F sa...

no er eg nysgjerrig, kva musikk blei det?