onsdag 17. november 2010

I dag: samfunnskristisk mendiesynseblogger

Det store spørsmålet er tydeligvis:
- Var det riktig å sparke Gelius?
Svaralternativer: ja eller nei
Eg saknar eit alternativ til:
Det er eg revnande likegyldig til.
Det kan hende eg hadde greid å opparbeide litt engasjement om det ikkje var for at eg (og mange med meg vil eg tru) no er rimeleg matleie av Preste-Gelius. Det er Gelius i alle kanalar. Gelius om fotball, og om sex og viser fram huset sitt, Og gjett om han ropar ja når han får spørsmålet "Skal vi danse".
Eg er så lei av Gelius. Han er blitt prestestandens Carl-Erik Grimstad. Der Grimstad brukar ein tidlegare sousjef-tittel på slottet som hendig visittkort kvar gong han vil synse noko om kongehuset, hentar Gelius fram prestekappa som ein rekvisitt kvar gong han vil vere i vinden. Og det vil han.
Og det har han lov til, sjølvsagt har han det. Og det er ikkje jantelov og "du skal ikkje tro du er noe", når eg vil ha han vekk frå avissidene. Eg er berre lei.
Eg hadde satt pris på om han kunne begrense seg litt. Berre fordi eg er lei. Men eg er heldigvis ikkje forplikta til å vere engasjert. Så no gler eg meg berre til "VaGbladposten" finn det for godt å tenke "kanskje det er nok Gelius for ei lita stund no...."

1 kommentar:

jorunn sa...

Hei Elisabeth
Takk for alle de fine betraktningene dine- det foregår mye spennende i ditt sunnmørske, spennende hode.Ikke bare er du atteleslaus (?), men også makalaus. Hurra deg!