
Skulle berre kjøpe sminkefjerner. Men så var der ei "hei-kan-jeg-hjelpe-deg"-dame, som ikkje såg så skummel ut som somme av desse gjer. Og som viste seg å vere ei "kan-jeg prøve-denne-litt-på-huden-din"-dame. Og det er det kjekkaste som finst. (sjølv om ho her begynte å seie ugreie ting om at eg burde tenke på å skaffe meg silikonbasert underlag som sletta ut alle ujevnheitene i huda mi. Det kan jammen vere spydig sjølv om det seiast med ein skjønnsminka munn altså)
Så då vart det foundation. (ikikje silikonbasert) Og jammen meg vart det ikkje ny leppestift også.
Som om eg på nokon som helst måte kan påstå at eg treng det!!!!
Slett ikkje. Så slett ikkje som det er råd å få det.
Biletet under viser talen på leppestiftar eg hadde tilgjengeleg ein heilt vanleg dag på jobb for nokre veker sidan. Den observante lesar vil sjå at det er 15 stk!! Den ikkje så observante vil nøye seg med å slå fast at det er heise mange. Og dette var berre dei som var i nærområdet mitt her på jobb. I sminkepungen i veska, i botnen av veska, i skrivebordskuffa, og sånn.
Og ikkje er det nåkke ræl heller. det er slett ikkje snakk om sminkesaker som nokon har kasta etter meg. Eg er fan av "skikkelig sminke", så dette er altså ikkje mindre enn to Chanel, tre Dior, pluss litt Helena Rubinstein og Guerlain.
Og berre så det er nevnt så har eg eit par - tre stykker rundt om heime og.
Og i dag har eg altså "fått" ein til. Kva er det eg tenkjer på eigentleg?!!
Det verste av alt er at eg ikkje eigentleg brukar leppestift så ofte. Og på tross av at det ligg ikkje mindre enn fire lipglossar på pulten der så kan eg ikkje fordra lipgloss.
Så mitt mål framover:
- Bruke leppestift kvar dag! (For å forsvare at eg har så mange)
- Slutte å kjøpe leppestiftar.
3 kommentarer:
Aaaw, så koselig at du har latt deg inspirere av bloggen min, da. Jeg kan forsikre deg om at det er en mye dyrere hobby for meg enn alle som leser tilsammen, for det er ytterst sjelden jeg får tilsendt noe som helst. Visakortet går varmt, kan du si ;) Leppestiftjunkiegreia kan jeg også identifisere meg med. :)
søte vakre Eliannaen min, du trenger hverken silikon eller lipgloss .. og du trenger definitivt ikke flere leppestifter.
en tur på Bikuben, derimot .. ? ;)
HEhehe, aldeles strålende - skule ønske jeg var med!!
NEste gang jeg skal nedover ønsker jeg meg en tur på Glassmagasinet og IKEA, oki? er du med? <3
Legg inn en kommentar