mandag 15. november 2010

I dag: Sminkeblogging.

For ei stund sidan så testa eg ut interiørblogging, (litt i forrige innlegg og, når eg tenkjer meg om. ) I dag skal eg prøve meg som sminkeblogger. Litt inspirert av denne dama her som har ein fantastisk sminkeblogg. Artig også for oss som stort sett ikkje tenkjer SÅ mykje på sminke. Dei som bloggar om interiør og sminke og dill og dall får visstnok tilsendt diverse stash. Det har definitivt ikke eg fått. Chanel-godsakane på biletet til venstre er kjøpt og betalt av meg, for lønn som kom inn på kontoen i dag. Så her er det ikkje noko smøring. Ikkje at eg vil ha det heller. Eg foretrekk at meiningane mine ikkje er kjøpt og betalt, faktisk. Som den gamle journalisten eg er. Så om det betyr at eg må kjøpe mi eiga sminke, så får det heller berre vere. Eg skal vel klare meg ei stund, som de kjem til å forstå etter å ha lese resten av dette blogginnlegget For altså, over til sminkeblogginga. .. I dag: skulle berre ein snartur ut for å hente eit par sko som har vore på reparasjon (Hatt i to mnd, glidelåsen rauk, fekk nye - veldig bra. Sunnmøringen i meg gler seg over to mnd med gratis skoslitasje) På vegen opp til skobutikken gjekk eg innom Glassmagasinet.
Skulle berre kjøpe sminkefjerner. Men så var der ei "hei-kan-jeg-hjelpe-deg"-dame, som ikkje såg så skummel ut som somme av desse gjer. Og som viste seg å vere ei "kan-jeg prøve-denne-litt-på-huden-din"-dame. Og det er det kjekkaste som finst. (sjølv om ho her begynte å seie ugreie ting om at eg burde tenke på å skaffe meg silikonbasert underlag som sletta ut alle ujevnheitene i huda mi. Det kan jammen vere spydig sjølv om det seiast med ein skjønnsminka munn altså) Så då vart det foundation. (ikikje silikonbasert) Og jammen meg vart det ikkje ny leppestift også.
Som om eg på nokon som helst måte kan påstå at eg treng det!!!! Slett ikkje. Så slett ikkje som det er råd å få det.
Biletet under viser talen på leppestiftar eg hadde tilgjengeleg ein heilt vanleg dag på jobb for nokre veker sidan. Den observante lesar vil sjå at det er 15 stk!! Den ikkje så observante vil nøye seg med å slå fast at det er heise mange. Og dette var berre dei som var i nærområdet mitt her på jobb. I sminkepungen i veska, i botnen av veska, i skrivebordskuffa, og sånn.
Og ikkje er det nåkke ræl heller. det er slett ikkje snakk om sminkesaker som nokon har kasta etter meg. Eg er fan av "skikkelig sminke", så dette er altså ikkje mindre enn to Chanel, tre Dior, pluss litt Helena Rubinstein og Guerlain.
Og berre så det er nevnt så har eg eit par - tre stykker rundt om heime og.
Og i dag har eg altså "fått" ein til. Kva er det eg tenkjer på eigentleg?!!
Det verste av alt er at eg ikkje eigentleg brukar leppestift så ofte. Og på tross av at det ligg ikkje mindre enn fire lipglossar på pulten der så kan eg ikkje fordra lipgloss.
Så mitt mål framover:
- Bruke leppestift kvar dag! (For å forsvare at eg har så mange)
- Slutte å kjøpe leppestiftar.

3 kommentarer:

Aina - Pudderkvastrabagast sa...

Aaaw, så koselig at du har latt deg inspirere av bloggen min, da. Jeg kan forsikre deg om at det er en mye dyrere hobby for meg enn alle som leser tilsammen, for det er ytterst sjelden jeg får tilsendt noe som helst. Visakortet går varmt, kan du si ;) Leppestiftjunkiegreia kan jeg også identifisere meg med. :)

Nina sa...

søte vakre Eliannaen min, du trenger hverken silikon eller lipgloss .. og du trenger definitivt ikke flere leppestifter.

en tur på Bikuben, derimot .. ? ;)

Cathrin sa...

HEhehe, aldeles strålende - skule ønske jeg var med!!

NEste gang jeg skal nedover ønsker jeg meg en tur på Glassmagasinet og IKEA, oki? er du med? <3