mandag 29. november 2010

Mør-laus jul?

Alle har sine juletradisjonar som er viktige for dei. For meg og mange med meg har ein av juletradisjonane vore "Flem-møren", som er ein lokal svinemør, altså ei grov kjøtpølse som er produsert i Brattvågen. Eller "vart produsert" er vel det ein må seie no, for Flem-møren er historie. Vi er nok mange som har rekna på pensjonsaldrar og har frykta dette i mange år. Men no er det sant (for det har stått i Haramsnytt) Den siste Flem-møren er lagd. Føglaren (pølsehornet) er pakka vekk. Det er slutt.
I helga var eg heime på Fjørtofta, og på julebordet på laurdagskvelden fekk vi den aller siste smaken av Flem-mør.
Dette er kanskje ikkje noko som opplevest som ei krise for det breie fleirtale av Niorsk befolkning. men for eit markinalt mindretalt er dette litt krisetilstandar. Kva skal vi gjere no.
Eg for min del har valgt å ta føglaren i eiga hand. (Pølsehornet, altså) Fredag var eg så heldig at eg fekk vere med å lage svinemør saman med Lillan Flem Fylling (som ikkje er av same Flem-familien som Flem-møren kjem frå, men som er frå ein annan Flem-familie med ein heilt annan mør)
Og møren vart god. Og det var artig.

3 kommentarer:

BenteOO sa...

Vaks opp med nemninga Vigra-mør som noko eksotisk og heilt fantastisk "dei ute på øyane" laga. Er sikker på at ei slik nytelse var bortimot synd i dei indre fjordbygdene, - men eg hadde ei dugandes faster på Ringset i Liabygda som var særs flink til all matlaging som også laga nydeleg god grov mørpølse til koking! Ei moster i Eimhjella lagar nydeleg god grov pølse, så til denne tid har familien heime hatt skikkeleg kokamør til saueribba på julaftan og nyårsaftan - og attåt lutfisk og mjuklefse på førstedag! For ein stakkar inneber det naturlegvis at ein må heimatt minst ei av desse aftane for å unngå at desse ekle medisterpølsene brer om seg som ein naturleg del av høgtidsfeiringa!
Trur nok ikkje at det vert til at eg lagar sjøl, men eg fyl med i neste bolk for å sjå korleis det gjeng med deg!

Siri Fjørtoft, kaBoks sa...

Ej e heldivis aldri vør belemra me kjøpemør. I Steinholn he øss ei gammal industrikvern (Stor som et monster) so bli brukt te å lage mør kvar haust. Å dei godaste tantn i byyn laga mør dei mæ. Tante Målfrid laga forrige helg, 11kg mør færdig laga å opprydding å vasking tatt på 2 tima.

Ej he store plana om en lagdieigapølse-grillfest en vakker sommardag i eit framtidig hus med hage å stort kjøkken. De tru ej ha vør arti!

Anonym sa...

Deler du oppskriften. Har prøvd å få fått i flem mør oppskrifta uten hell. Mvh Gunnhild Dalhaug gunnotte@tussa.com